SPRÅKSTRID: FpUs valkampplakat med teksten "F**k nynorsk, og Noregs Mållags svar: "Eg elskar nynorsk".

– Som eit solid slag i trynet

Framstegspartiets Ungdom (FpU) driv valkamp ved å hengje opp plakatar med påskrifta “f**k nynorsk” rundt omkring i landet. Leiar av Noregs Mållag er kritisk.

Publisert Sist oppdatert

– Eg har tidlegare kalla dette skamlaus anti-nynorsk populisme, og det står eg for endå. Gjennom to enkle ord seier dei veldig mykje om kva dei synest om språket vårt - ein viktig identitetsmarkør for veldig mange, meiner Peder Lofnes Hauge, leiar i Mållaget. 

MISNØGD: Peder Lofnes Hauge er lite begeistret for bodskapen på FpUs valkampplakat

Han meiner FpU utnyttar elevars motstand mot sidemål for å vinne stemmer, og at ein slik direkte språkbruk kan verke sårande på mange med nynorsk som hovudmål.

Det at språket vårt - eit språk me må kjempe mykje for å kunne bruke på same måte, og same vilkår som bokmålsbrukerene - blir omtalt på denne måten kjennest som eit solid slag i trynet, seier han.

Ikkje motstandarar av nynorsk

Kampanjen har skapt stort engasjement sidan han vart brukt for første gong ved stortingsvalet i 2021, og har sett fyr på debatten om sidemålsundervisninga i den norske skulen. 

Sjølv om kampanjen har hatt ønskt effekt i store delar av landet ser valkampansvarleg for Møre og Romsdal FpU, Karl-Oskar Sævik, ingen grunn til å innføre han i landsdelen sin.

– Me er nok ikkje tente med å bruke den kampanjen i Møre og Romsdal. På mange av skulane her har fleirtalet av elevane nynorsk som hovudmål, så ein slik kampanje ville nok ikkje hatt den same effekten her.

Sævik ser likevel ikkje noko problem med at kampanjen blir nytta i andre delar av landet, Han meiner at partiet alltid er tent med at det blir skapt debatt rundt dei. Likevel understrekar han at FpU ikkje er motstandarar av nynorsk.

– Me vil gjerne bevare nynorsk, men synest det blir mykje betre vareteke dersom folk får velje sjølv om dei har lyst til å bruke det.

HAR SITT PÅ DET REINE: Karl-Oskar Sævik meiner spissformuleringar må vere lov, og at plakaten bidreg til sunn debatt

Oppheta debatt

Sjølv om kampanjen kan verke polariserande meiner Sævik at han bidreg til sunn samfunnsdebatt.

– Me byrja med denne spissformuleringa i 2021, og skapte med det stor debatt rundt temaet. Det har vore positivt for oss, men også ført til at Mållaget har fått mykje ekstra merksemd. Dersom spissformuleringa skaper engasjement rundt ei sak som me greier å fronte godt, så er me nøgde med det, slår han fast.

Hauge er samd i at kampanjen trass alt har skapt oppslutning rundt Mållaget, og meiner at når språket er under angrep så strøymer folk til dei som ønskjer å verne det. I 2021 fekk Mållaget over 1500 nye medlemmer på ei veke. Hauge meiner me må tilbake til 2012 for å finne tilsvarande eksplosiv medlemsvekst.

Men at FpU skaper sunn debatt er han ikkje samd i. 

– FpU er ikkje interessert i å bidra til debatt med denne utsegna. Ho er designa for å gi næring til ein motstand mot nynorsk som FpU veit at finnast, ikkje eit konstruktivt spark til ein diskusjon om sidemålsordninga i skulen.

Hauge meiner dette framhevar eit paradoks i FrPs politikk, som folk bør vere merksame på.

– FpU og FrP snakkar mykje om norsk kulturarv, men når dei viser såpass sterk motstand mot det nynorske språket, og den skriftspråkstradisjonen me har i Noreg, så verkar dei heller kulturlause. Dei viser rett og slett inga interesse for språklege tradisjonar i Noreg.

KJERNEN I SAKA: Denne plakaten har skapt mykje debatt sidan han vart innført i 2021

“F**k sidemål”?

I FrPs partiprogram står det ingenting om avskaffing av sidemål. Sævik meiner at kampanjen ikkje handlar om ein motstand mot nynorsk, men ei ordning der det skal vere valfritt med sidemålsundervisning i skulen.

– Sånn sett kunne me skrive “f**k sidemål” i staden, men erfaringa vår er at spissformuleringa slår mykje betre an på austlandet, og i andre område der nynorskbrukarar er i klart mindretal. Me skal nå fram til dei yngre veljarane, og då er det “f**k nynorsk” som fungerer best.

Hauge er på si side ikkje samd i at “f**k sidemål” hadde kommunisert det same.

– Det er ein grunn til at dei ikkje har valt “f**k sidemål”. Når FpU snakkar om valfritt sidemål, så handlar det om nynorsk for bokmålsbrukarar, ikkje bokmål for nynorskbrukarar, hevdar Hauge.

Hauge innser likevel at FpU har ytringsfridom, og lov til å drive valkamp som dei vil, men nektar likefullt å gi opp kampen.

– Me kan ikkje stoppe nokon frå å bruke denne plakaten. Men me skal aldri stoppe med å rope høgt mot dei som vil trakke på nynorsken.

Powered by Labrador CMS