FARLEG: Heile denne strekninga i Kyrkjegata manglar gangfelt. Mange barn går her til og frå skulen.

Ønske om gangfelt i Ørsta sentrum

Bebuarar i Kyrkjegata i Ørsta ber kommunen ta grep for at barn ikkje skal bli skadde på veg til skulen.

Publisert

ØRSTA: Fleire bebuarar i Kyrkjegata har sendt brev til Ørsta kommune der dei uttrykker frykt for at ei ulykke skal skje, når barn på veg til skulen må krysse vegen der det ikkje er gangfelt. Når det blir brøyta no om vinteren, blir fortauet på eine sida av vegen dekt av snø og is. Det kan dermed ikkje brukast. Bebuarane skriv at barna dermed blir tvungne til å krysse vegen på stader som skaper farlege situasjonar i trafikken.

Det var originalt planlagt fleire gangfelt på den utsette strekninga, viser reguleringsplanen utarbeidd av Statens vegvesen i 1998. Likevel vart ingen av dei etablert. Ørsta kommune har no vendt seg til vegvesenet med spørsmål rundt utarbeiding av eitt eller fleire gangfelt på strekninga.

Powered by Labrador CMS