SPENT: Mange er nervøse før dei skal vitne i ei rettsak.

Tek vare på dei som skal vitne i retten

Volda Røde Kors tilbyr vitnestøtte til dei som skal vitne i straffesaker. Helen Rossetvik er frivillig i ordninga, og seier at det betyr mykje å vere ei støtte for dei som treng det.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: — Fyrste gongen eg var vitnestøtte var eg sjølv litt nervøs, seier Helen Rossetvik.

Kva er vitnestøtte?

  • Ein frivillig som bistår personar som skal vitne i rettssaker, med medmenneskeleg støtte og praktisk informasjon.

https://www.rodekors.no/tilbudene/stotte-til-de-som-skal-vitne-i-retten/

Ho visste ikkje om vitna trong nokon å snakke med, og var redd ho berre blei sittande til pynt. Slik blei det ikkje.

— Vitna var faktisk svært pratsame, og takksame for at vi tok vi tok dei i mot, og prata med dei om laust og fast på vitnerommet over ein kopp kaffe. Eg trur tida går raskare når ein har nokon å prate med, og ventar på å bli kalla inn på teppet, seier Rossetvik.

Ho set pris på å gjere ein forskjell for andre, og vite at folk treng ho. Difor er ho frivillig.

Hilde Brandt har ansvaret for dei som er vitnestøtte i Volda Røde Kors. Hjartet hennar brenn for frivilligheita, og ho tykkjer det er givande å vere vitnestøtte.

GODE SAMAN: Helen Rossetvik (t.v.) og Hilde Brandt (t.h.) likar å vere frivillige.

— Det er ikkje kvardagskost å vitne i ei straffesak, og dei som blir kalla inn er ofte nervøse fordi dei ikkje veit korleis ei rettssak går føre seg. Vi tek dei i mot, og gjev dei nødvendig informasjon. Det kan vere alt frå kven dei skal henvende seg til i rettssalen, til kvar dei skal stå. På den måten blir vitnet tryggare, og eit trygt vitne er eit godt vitne, seier Brandt.

Nytt tilbod

Ho påpeiker at dei ikkje har lov til å snakke med vitna om sjølve saka.

— Det viktigaste er å vere gode medmenneske for dei som skal vitne, seier Brandt.

I Volda kom tilbodet om vitnestøtte på plass rett før sommaren i fjor. Det er Volda Røde Kors som har ansvaret for ordninga.

— Eg opplever at folk treng meir informasjon når dei kjem og skal vitne, så vi gjev så mykje informasjon vi kan. Så er det folk som likar å prate, og det å setje seg ned og prate om noko anna kan gjera at folk blir mindre uroleg.

Ho seier med eit glimt i auget at kvinner er betre enn menn på small-talk, og det ligg naturleg for mange kvinner å vise omsorg. Ho trur det er grunnen til at det er kun kvinner som har meldt seg som vitnestøtte i Volda så langt.

— Det er plass til menn her og, ler Brandt.

(Saka fortsett under biletet)

INN TIL RETTSSALEN: Vitna blir kalla inn til denne rettssalen, og gjev si forklaring til dommaren.

Stort behov

Linn Wangen Mork er saksbehandlar i Møre og Romsdal tingrett, Volda. Ho har og ansvaret for å finne ut kva saker det kan vere behov for ekstra hjelp til vitna.

— I fyrste omgang er det i straffesaker vi tek i bruk vitnestøtte.

GLER SEG: Saksbehandlarane Linn Wangen Mork og Bendik Haddal gler seg til å flytte inn i nytt lokale i november.

Ho seier det er politiet som kallar inn vitne til rettssaker. Dei kjem til oppsatt tid, og vitna får ikkje alltid vite så mykje før dei skal til vitneboksen. Difor ser ho at det er behov for vitnestøtte som kan informere vitna som kjem.

— Rettssalen i Volda er liten, og når ein går inn i rommet så kjem ein svært tett på den tiltalte og forsvareren. Alle sit i ein hesteskoformasjon rundt vitnet, så eg forstår at nokon gruar seg til det. Eg hadde grua meg sjølv, seier Wangen Mork.

— Så er det dei som ikkje treng støtte. Politivitne har mykje erfaring med rettssaker, og det er ein del av jobben deira. Uerfarne takkar ofte ja til vitnestøtte. Eg meiner at det betyr ganske mykje å ha eit tilbod som dette.

Bendik Haddal er og saksbehandlar. Han er einig med Wangen Mork om at forholda i tingretten i Volda er små, som ikkje er optimalt for nokon part.

— Det blir fort dårleg luft når det er mange frammøtte. Vi gler oss til november når flyttinga til nye lokale startar. Da får vi dobbelt så stor rettsal, seier Haddal.

Powered by Labrador CMS