To til legevakt og sjukehus etter frontulykke

Publisert Sist oppdatert

ULSTEINVIK: To bilar har vore involvert i ei trafikkulykke i Botnaura i Ulstein.

Ulykka har vore en front mot front. Ein førar er køyrt til legevakta, medan den andre er køyrt til Volda sjukehus. Det skriv politiet Møre og Romsdal på sin Twitter-konto klokka 11.38.

– Det er truleg snakk om mindre personskadar. Det er så langt uklart kva som er årsaka til ulykka, men vi vil etterforske saka og ta avhøyr av dei involverte. Politiet har vore på staden og gjort sine undersøkingar, seier Ragnvald Rasmussen, operasjonsleiar i politiet til NRK Møre og Romsdal.

Ifølgje Vikebladet, fann ulykka stad mellom Botnen og Kvalnestunnelen, der det er 70-sone.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 09.34 og klokka 09.46 meldte dei at naudetatane var på staden.

Vegen er no opna for normal ferdsel etter at trafikken har vore dirigert.


Powered by Labrador CMS