Illustrasjonsbilde

Trur sykkelkampanje kan gi deg lenger liv

I heile oktober kan du vere med på kampanjen "Sykle til jobben". Det kan gjere helsa di betre.

Publisert Sist oppdatert

Solveig Norengen Hatlevoll skreiv sin doktorgradavhandling om helseeffektane ved å sykle til jobb. Ho meiner kampanjen er viktig. 

— Den kan motivere til meir fysisk aktivitet.

Hatlevoll fortel at voksne som ikkje er i tilstrekkelig fysisk aktivitet har auka fare for ulike sjukdommar og psykiske lidingar. 

— Kampanjen kan fungere som eit forebyggande tiltak og forbedre fysisk helse. Transporten til og fra jobb har eit kjempepotensiale for fysisk aktivitet. Ein bør nytte anledninga til å vere i aktivitet. 

FORSKER: Solveig Nordengen Hatlevoll har forska på helseeffektane av å sykle til jobb

Ikkje så mykje som skal til 

— Ein trenger ikkje å sykle så mykje eller ofte. Innimellom er bra nok, men jo meir jo bedre, seier Haltevoll

Det har fleire positive effekter å sykle til jobb. Hatlevoll fortel at i ytterste konsekvens kan det føre til at du lever lenger. 

— Det vil og kunne redusere risikoen for hjarte- og karsjukdommar som hjarteinfarkt. Høg nok intensitet på syklinga kan forbedre fysisk form og kondisjon. 

Effekten er omtrent lik på vanlege syklar og el-syklar. 

— Har du høg nok intensistet vil det ha ein liknande effekt på el-sykkel, seier Hatlevoll. 

Ho fortel at det er eit problem at vaksne folk sit for mykje stille. 

— Det er ei bekymring både i Norge og i resten av verda. Det er vesentleg å få endre på det. 

Ulstein med i kampanjen

Prosjektet har fleire deltakarar på Søre Sunnmøre. Ein av kommunane som er med er Ulstein. Det vil si at kommunen sponsar deltaking i prosjektet for innbyggarane sine. Det er dermed gratis for alle som bur eller jobbar i Ulstein kommune å delta. Sponsinga er eit samarbeid med fylkeskommunen. 

Ansvarleg for prosjektet i Ulstein kommune, Vegard Ertesvåg, seier det er ein god kampanje. Han er tydeleg på at kampanjen gjelder all form for fysisk aktivitet, tross navnet. 

— Det er ein aktivitetskampanje. Den har holdt på i 50 år, og er utvida til å gjelde all aktivitet, enten det er å sykle, gå fjelltur eller hoppe på trampoline. 

Han understrekar og at fysisk aktivitet på fritida og er ein del av kampanjen. Den gjeld altså ikkje berre turen til og frå jobb lenger. 

AKTIV SYKLIST: Vegard Ertesvåg er ansvarleg for kampanjen i Ulstein kommune

Positivt for helsa og miljøet 

Ertesvåg fortel at kommunen har fleire grunnar til å delta i prosjektet. 

— Det er eit godt tiltak for folkehelsa, for å få folk til å droppe bilen og heller sykle eller gå til jobb. Det er å ein fin kampanje å ha no. Hausten er ei tid på året der det er typisk at folk heller vil sitte inne. Kampanjen kan gi ekstra motivasjon til å være i aktivitet. 

Miljø er og eit fokus i kampanjen, fortel Ertesvåg.  

— Ja, absolutt. Det er jo positivt for klima og miljø om folk lar bilen stå.

Han er og med i kampanjen som privatperson:

— Det er god motivasjon til å yte litt ekstra. 

Ertesvåg forteller om eitt spesifikt mål kommunen har for kampanjen: 

— I vårkampanjen hadde kommunen 98 deltakere. Å bikke 100 deltakarar er eitt naturleg mål. 

Powered by Labrador CMS