FØLGJER KRIGEN: Helle Høydal (t.v.) og Idun Eiksund følgjer krigen gjennom sosiale medium.

Unge følgjer krigen på TikTok

Heilt sidan krigen braut ut, har unge ukrainarar delt innhald frå livet på flukt på sosiale medium. Det kan påverke måten folk opplev krigen utanfrå.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA/OSLO: – Det blir meir personleg enn om du ser på nyhenda, fordi du ser at det er ein person som har lagt det ut. Nokon som kan vere like gamal som oss.

Det seier Idun Eiksund (18) og Helle Høydal (18). Båe er elevar ved Volda vidaregåande skule, og aktive brukarar av sosiale medium som TikTok og Instagram. Frå desse kan dei følge ukrainsk ungdom som lever i bomberom eller på flukt frå krig. Det gjer at dei føreheld seg til konflikta på ein litt annan måte enn dei kanskje ville gjort om dei berre fekk nyhende på tv og nettaviser.

– Eg trur kanskje ikkje eg hadde klart å bry meg like mykje. Det blir jo litt meir ekte når ein får presentert det på den måten, fortel Eiksund.

AKTIVE PÅ SOSIALE MEDIUM: Høydal og Eiksund er aktive brukarar av sosiale medium.

Dei to vidaregåandeelevane meiner at slikt innhald kan vere ein effektiv måte å setje seg inn i situasjonen på.

– I mange av videoane eg har sett, så er det folk som har filma med telefonen sin akkurat rundt der dei er. Medan det som er på nyhenda er meir faktabasert, litt meir formelt, fortel Høydal.

Auke etter pandemien

Medietilsynet kunne i 2020 melde at 87% av 9-18 åringar som brukar sosiale medium, fangar opp nyhende derifrå. Det er grunn til å tru at dette har auka i løpet av koronapandemien.

Niamh Ni Bhroin er forskar ved institutt for medium og kommunikasjon ved Universitet i Oslo. Der forskar ho på barn og unge sin digitale kvardag.

MEDIEVITAR: Niamh Ni Bhroin forskar på barn og unge sin digitale kvardag.

– Det var under pandemien at TikTok vart meir etablert som ei nyhendekjelde blant barn og unge. Trenden har haldt fram under krigen i Ukraina, fortel ho.

Eiksund fortel at å møte innhald på denne måten, gjer at ho føler at krigen kjem nærare ho. Ho og Høydal meiner at folk kan bli engasjerte på ein annan måte enn før, når dei får følge krigen på sosiale medium.

– Du får eit anna syn på det. Ein tenkjer kanskje at, oi, eg har ikkje tenkt på det på den måten før. No må eg prøve å gjere noko - dette skjer faktisk. Ein får eit meir ope syn på det, fortel Høydal.

Lettare å spreie falske nyhende

Det er stor forskjell på å bruke sosiale medium som nyhendekjelde, kontra redaksjonelle nyhendekjelder. På sosiale medium kan kven som helst dele innhald, utan at det treng å bli faktasjekka. Eiksund og Høydal opplever at det kan bli lagt ut falskt innhald, som er laga for å skremme sjåarane.

– Eg får opp mange videoar på TikTok som er laga for å skremme. Det er mykje lettare å lage falske nyhende gjennom TikTok - folk vil jo berre gå viralt, fortel Eiksund.

Ni Bhroin meiner at det er viktig at dei som mottek bodskap gjennom sosiale medium har ei kritisk tilnærming til innhaldet - at dei forstår kvar det kjem frå, og kvar det er laga.

– Kritisk medieforståing er sjølvsagt noko som utviklast over tid. Dei som er eldre har gjerne litt meir kompetanse enn dei som er litt yngre. Då treng dei som er yngre støtte frå vaksne for å kunne forstå det dei ser, seier ho.

Ho meiner at det er viktig at unge har gode ressurspersonar å diskutere med, og at dei vaksne må gjere barna sine medvitne på at det er regjeringa, og ikkje ei heil befolkning, som har gått til angrep.

– Det er sjølvsagt ikkje alle i Russland som støttar krigen. Så ei kritisk tilnærming til innhaldet er viktig, men òg å vere medviten på at ein ikkje skal vidareføre rasistiske haldningar, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS