Vassendgutane 30 år – Me har hatt eit jækla stabilt publikum
Sidan 1996 har bandet frå Ørsta teke scena med storm. Gutane vert eldre, men publikumet held seg unge.
ØRSTA: Å kunne leve av hobbyen sin er noko mange drøymer om. For bandet frå Ørsta har dette blitt verkelegheit.
I kjellaren på ungdomshuset i Vassenden i Åmdalen starta gruppa karriera si for 30 år sidan. Det var også her dei tok namnet sitt ifrå.
– Me starta som ein gjeng som berre skulle sitje og ete pølser og spele litt gitar, fortel Ernst Olav Brune.
Hovudfokuset har vore på å ha det gøy. Gutane har ikkje hatt store ambisjonar om å bli storstjerner eller å prøve seg internasjonalt. Dei har heller sett på store platesal og utsolgte billettar som ein bonus, fortel Rune Ståle Brautaset.
Publikum for alle penga
Publikum er avgjerande for å kunne halde fram med musikk. Festcountry-sjangeren slo godt an for 30 år sidan og det gjer han framleis. Brautaset og Brune påpeikar at Vassendgutane ikkje hadde vore det same utan tilhengjarane. For det er dei som har gjort at bandet kom seg ut av ungdomshuset i Ørsta til å spele rundt om i landet.
– Me har hatt eit jækla stabilt publikum, fortel Brautaset.
Vidare fortel han at sjølv om karriera er 30 år gamal, har dei framleis mange unge lyttarar. Da dei spelte på Rokken i 2024 seier han at kring 90 prosent av publikum var ungdomar.
– Publikum er bensinen på bilen og har du ikkje bensin så gjeng ikkje bilen, seier Brautaset som ei forklaring på kor viktig det er med eit godt publikum.
Nytt blod
Ikkje alle gutane i bandet har vore med heilt frå starten. Det å finne nye medlemar er ein prosess. Ofte er det tilfeldigheitar avgjer, men gutane er tydlege på kva som er viktigast:
– Det første me ser etter er ikkje kor jækla gode dei er til å spele. Dei må passe inn i gjengen, seier Brune.
God kommunikasjon og samarbeid er kvalitetar karane ser etter. Desse verdiane blir sett på prøve når bandet skal på vegen. Der sit dei i buss saman, søv saman og opptrer saman. Åleinetid blir eit framanord på turné.
– Når ein er saman med kvarandre 24 timar i døgnet er det viktig at kjemien er god mellom bandmedlemmane. Fungerar det ikkje sosialt, fungerar det ikkje på nokon måte, fortel Brautaset
Ny musikk
Vassendgutane har regelmessig sluppe ny musikk sidan oppstarten. Brune og Brautset forklarar at dei synest det er viktig å fornye katalogen. Sjølv etter 30 år, ynskjer dei å kunne fortsette so lenge det let seg gjere. I anledning jubileet blir det spekulert i om det kjem ny musikk. Vokalistene Sindre Aam og Arthur Johan Bjørdal held korta tett til brystet.
– Me kan vel seie sopass at det er nokre ting på gang, men når det er ferdig har eg ikkje peiling på, kommenterar Brautaset.