ERFAREN POLITIKER: Øyvind Grimstad (53) har tidlegare sitte i kommunestyret i Hareid for Framstegspartiet i åtte år. Dei siste åra har han vore partilaus før han meldte seg inn i INP. – Det var energisamarbeidet i EU, ACER, som gjorde at eg valte å forlate Framstegspartiet. Tankegangen i INP sin politikk er eg einig i, seier Grimstad.

- Vi vil kome med forslag om å trappe ned eigedomsskatten kvart einaste år

Industri- og Næringspartiet (INP) stiller for første gang liste i 138 kommunar i år. I Hareid håper førstekandidat Øyvind Grimstad at partiet kan få plass i kommunestyret på første forsøk.

Publisert

INP har som einaste parti i Noreg vedtektsfesta eit krav om fem års yrkeserfaring for å kunne stille til val i partiet.

– I dei etablerte partia finn ein politikarar som aldri har hatt ein jobb. Dei har gått det eg kallar «broilerskulen». Dei har kursa seg opp som politikarar i partia og aldri vore ute i det verkelege næringsliv, seier Grimstad.

- Symbolpolitikk

Fokuset til INP i Hareid er å styrke primærtenestene. Helse, omsorg og skule. – Vi må prioritere korleis vi vil nytte ressursane våre i Hareid. Då kan vi velje mellom ting som er kjekke å ha, eller nytte midlane til omsorg der vi treng fleire hender, seier Grimstad.

Det INP kallar symbolpolitikk har Grimstad og Hareid INP lite til overs for.

– Det er mellom anna tiltaka med elektrifisering av plattformar i Nordsjøen. Det å sende straum som vi treng på land til plattformene er eit meiningslaust tiltak. Gassen som tidlegare vart nytta blit sendt til Europa for å bli brent der uansett, så det var ingen effekt på verken miljø eller noko anna, seier Grimstad.

Parkering i sentrum

Som mange i kommunen pendlar Grimstad ut av kommunen til jobben. Statestikk frå Møre og Romsdals Fylkeskommune frå 2021 viser at medan 1309 pendlar ut av kommunen til jobben, er det 694 som pendlar inn til Hareid for arbeid. INP ønskjer å gi gratis parkering i sentrum til alle hareidingar som pendlar ut av kommunen. Alle som pendlar til Ålesund, til dømes med Hurtigbåten, må betale for å sette igjen bilen sin bilen sin i sentrum.

PENDLARKOMMUNE: Fleire set bilen sin igjen i Hareid sentrum for å pendle til Ålesund med hurtigbåten.

– Set ein pendlar igjen bilen sin i sentrum må ein betale om lag 7500 kr. i året. Om ein er i ein familie på to der begge jobbar i Ålesund så får ein ei årleg utgift på over 60 000 kr. for parkering i sentrum og utgifter for pendling med hurtigbåt til Ålesund. Vi meiner at folk skal kunne bu i kommunen og pendle til Ålesund utan att det skal koste noko ekstra for parkering, fortel Grimstad.

Han viser til Rauma som har innført ein liknande ordning der tilreisande til kommunen må betale for parkering, medan innbyggjarane sjølve får gratis parkering.

Kva er målet dykkar for valet. Ønskjer dykk eit ordførarskifte?

 - Vårt mål er å kome inn i kommunestyret enkelt og greitt. Vi håper å kome inn med ein representant, og drøymer om to. Kjem vi inn skal vi gjere ein forskjell i kommunen, seier Grimstad.

 INP på Hareid har ikkje planar om kven dei ønskjer å samarbeide med.

- Vi går på sak. Om nokre vil samarbeide med oss så er vi nøydde til å snakke med dei, men vi er ikkje ute etter posisjonar. Vi ønskjer å utøve innflytelse på sakane som skal avgjerast, fortel Grimstad.

I partiprogramma til dei ulike partia som stiller til val på Hareid finn ein mykje likt. – Vi ønskjer å stikke oss ut med at vi vil vere tydelege på korleis vi vil prioritere, seier Grimstad.

Fleire parti i Hareid kommune har som mål om å avskaffe eigedomsskatten. – Vi vil kvart år legge inn forslag om at vi skal byrje å trappe ned eigedomsskatten. Den kan ikkje fjernast over natta, men vi skal byrje prosessen og sakte men sikkert nå målet om å fjerne eigedomsskatten, seier Grimstad.

Høyr Radio Volda si reportasje om dei to nye partia som stiller til val i Hareid kommune i år (frå 19:57 i sendinga):
Powered by Labrador CMS