På torsdag skal kommunestyret blant anna diskutere busetting av flyktningar.

Vil busette 80 flyktningar i 2024 

Volda kommune har fått ei oppmoding frå Inkludering- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) om å busette 130 flyktningar i 2024. 

Publisert

(VOLDA) Dei to siste åra har Volda kommune busett 287 flyktningar totalt. I 2022 busette kommunen 147 flyktningar. Antallet busette flyktningar vart redusert til 140 i 2023. Kommunedirektøren tilrår å busette færre flyktningar enn det IMDi ynskjer, og innstiller på at kommunen kan ta imot 80 flyktningar i 2024. 

Kommunedirektøren meiner Volda kommune står overfor fleire utfordringar knytta til busettinga av flyktningar. Dette gjeld særleg problem med å skaffe bustad og tilstrekkelige helsetenester. Andre årsaker som er nemnd i tilrådinga er å finne skule- og barnehageplassar til flyktningane. 

I tillegg trekk kommunedirektøren fram ein krevjande kommuneøkonomi som grunn for å busette færre flyktningar enn det IMDi oppmodar til. 

Saka skal opp i kommunestyret på torsdag. 

Powered by Labrador CMS