NY REKTOR: Odd Helge Mjellem Tonheim er ny rektor ved høgskulen.

Vil starte nye deltidsutdanningar i Volda

Om eit par år kan ein kanskje utdanne seg til sjukepleiar eller vernepleiar i Volda.

Publisert Sist oppdatert

— Vi ynskjer ikkje å vere konkurrent til utdanningane i Ålesund, Molde og Førde, men heller vera eit supplement, seier Odd Helge Mjellem Tonheim, rektor ved Høgskulen i Volda.

I 2025 er det mogleg at ein kan ta sjukepleiar- og/eller vernepleiarutdanning i Volda. I motsetnad til dei tilsvarande utdanningane på dei nærliggande studieplassane, er tanken at løpet i Volda skal vera ei deltidsutdanning.

Rektoren fortel at tanken er at dette skal vere løp som til dømes kan passe til ein forelder som ikkje har høve til å ta ei fulltidsutdanning i nokon av byane i området, men som kan ha høve til å pendle til Volda ein gong iblant.

— Dette er ikkje studium vi eventuelt kjem til å ha kjempestore kull på, seier han.

Bygningsmasse under press

Om dette er planar som er liv laga, er høgskulen no i prosessen med å finne ut. Høgskulen har brukt 200.000 kroner på å føreta ei utgreiing, der ein skal finne ut om dette er studium det er behov for.

— Kvar på campus har ein tenkt at desse studentane eventuelt skal halde til?

— Det er vanskeleg å seie - per no er denne prosessen veldig i startgropa. Bygningsmassa ved høgskulen er under press. Det er ganske fullt. Det skal ein òg sjå på under utgreiinga - kva moglegheiter har vi, og kva moglegheiter har vi ikkje.

Dersom desse utdanningane blir oppretta, kan ein ta sjukepleiar- og/eller vernepleiarutdanning i Volda tidlegast i 2025. 

— Det kan hende at det blir berre èin av dei, det kan hende at det blir begge, og det kan hende at det ikkje blir nokon av dei, seier Mjellem Tonheim.

Om dette er noko ein skal satse på, må høgskulestyret ta stilling til på neste møte, i slutten av oktober. Frist for å søke midler i statsbudsjettet for 2025 er nemleg 1. november.

Kan ha rekrutterande effekt

Studentleiar for Norsk Sykepleierforbund, Daniel Stabu, ser positivt på forslaget.

— Både det med desentraliserte utdanningar og deltidsutdanningar gjer at fleire får høve til å ta høgare utdanning. Og så veit vi at behovet for sjukepleiarar i Noreg er stort. Vi treng å utdanne fleire sjukepleiarar, seier Stabu.

— I tillegg veit vi at å ha ein god praksisperiode har ein god rekrutterande effekt, slik at det fort kan vere at sjukepleiarar blir att i Volda.

Powered by Labrador CMS