LÆRARUTDANNINGA I VOLDA: Regjeringa vil gi meir makt til dei lokale lærarutdanningane.

Ynskjer meir fridom til lokale lærarutdanningar

Eit utval frå regjeringa skal sjå på korleis styringa av lærarutdanningane i landet kan bli endra. Arbeidet vil påverke lærarutdanninga i Volda framover. 

Publisert Sist oppdatert

Regjeringa har satt ned eitt ekspertutval som skal sjå nærmare på korleis styringa av lærarutdanningane skal kunne gi meir lokal makt. Målet er at høgskuler og universitet skal ha større fagleg fridom til å utforme sine eigne studietilbod. 

Silje Ims Lied, Dekan ved lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, er sjølv aktiv i arbeidet gjennom universitet-og høgskulerådet sitt arbeidsutval for lærarutdanning. Ho fortel at dei har jobba mot dette lenge. 

— Me er mange lærarar som ynskjer mindre detaljstyring av utdanninga. Utdanninga er no veldig detaljstyrt på innhald og praksis. 

DEKAN: Silje Ims Lied er dekan ved lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda

Kan bli bra for Volda 

Lied forklarar at utdanninga no veldig politisk styrt, og at det varierer etter kven som har den politiske makta. 

— Me jobbar for at institusjonane sjølve skal få bestemme detaljane, og at styringa skal vere meir overordna, slik at avgjerdene blir overlatt til dei fagleg ansvarlege i institusjonane. 

Lied er positiv til at arbeidet no er igang, og fortel at det kan gjere utdanninga i Volda meir fleksibel. 

— Eg trur me kan utnytte enda betre at me er små, og få til meir samarbeid på tvers av fag og institutt. Det vil auke kvaliteten på utdanninga. 

Ein anna positiv side er at praksisen kan bli meir tilrettelagt og samarbeidet med praksisplassane betre. Men Lied er tydeleg på at det fins utfordringar. 

— Dei store institusjonane kan bli enda større konkurrentar. Me må ha eit bevisst forhold til det. 

Ho vil rette merksemda på det som er bra med Volda. 

— Me må bli betre på marknadsføring og sørge for god rekruttering. 

 Arbeidet tek tid 

Utvalet skal legge fram sin fyrste rapport 1. desember i år, og sluttrapporten i juni 2024. Lied fortel at det og blir vidare arbeid etter det. 

— På rammeplanskonferansen eg var på førre veke ga statssekretæren inntrykk av at det blir ein tredje fase i arbeidet, kor ein skal jobbe med det som blir lagt fram i sluttrapporten. 

Ho fortel at det er grundig arbeid som vil ta lang tid. 

—  Me fer nok ikkje resultatet før i 2025. 

Powered by Labrador CMS