Jorunn (89) er bestevenn med barnehagebarna: – Eg har det så godt her

Vegg i vegg med Folkestad barnehage bur pensjonisten Jorunn Eidset (89) og fleire bebuarar ved Folkestadtun. Barnehagebarna kan endeleg besøke dei eldre naboane sine igjen, etter eit og eit halvt år utan.

Publisert Sist oppdatert

Berre eit minutt unna fergekaia på Folkestad ligg det eit grått hus med to etasjar. Huset i seg sjølv er ganske alminneleg, men folka som oppheld seg der er veldig ulike, i alle fall i alder.

Halv eitt opnar den kvite døra i fyrste etasje seg. Ut kjem ei gruppe barn mellom to og fem år. Dei går på rad og rekke, to og to, hand i hand. Dei tre vaksne i barnehagen viser veg. Snart er det sangstund oppe hjå dei eldre.

Heldigvis skal dei berre rundt huset og inn døra. Det regner og ein av dei små klarer å trakke av seg skoen. Han sluttar å gråte så snart han kjem inn dørene på omsorgsbustaden.

No skal dei synge saman med dei eldre.

Nokre av dei bur i etasjen over barnehagen, og nokre er på dagsbesøk

«Sol ute, sol inne» er fyrste sang på repertoaret

Sangfuglar

Det er fyrste gong Folkestad barnehage får lov til å besøke omsorgsbustaden sidan pandemien braut ut i mars 2020.

Mange av barna har dermed ikkje vore der i det heile tatt.

Frå og med førre veke skal barn frå barnehagen besøke Folkestadtun kvar fjerde måndag og torsdag.

Sjølv om nokre av barna er litt sjenerte, blir dei alle med å synge og danse når dei tilsette set i gang med «Hode, skulder, kne og tå» og «Ro, ro, ro din båt».

Sjølv om nokre av barna er litt sjenerte, blir dei alle med å synge og danse når dei ansatte set i gong med «Hode, skulder, kne og tå» og «Ro, ro, ro din båt».

– Var det gøy å synge med dei eldre?

– JA! roper Mari Helland Aasebø (4), Sigrid Holte Aarset (5) og Birgitte Marcelie Lillefosse (5).

Det er særleg sangen «Fløy en liten blåfugl» som slår godt an hjå dei tre venninnene.

Den beste leilegheita

Blant den eldre garde på sangstunden sit Jorunn Eidset (89). Ho bur i fyrste etasje, vegg i vegg med barnehagen, og har blitt ein naturleg del av den unge vennegjengen.

– Vi liker Jorunn. Ho er av og til ute og steller blomane og da syklar vi forbi ho og seier hei, fortel Sigrid.

Ho er ein av dei fyrste som kjem løpande når Jorunn tek seg ein tur ut framfor barnehagen.

– Her har eg det så godt, trygt og kjekt, seier Jorunn.

Ho og mannen fekk den store leilegheita ved siden av barnehagen for snart fem år sidan.


Då flytta dei frå eit hus med to etasjer, og var innstilte på å kome til noko lettare.

Ho meiner at ho ikkje kunne ha fått ein betre plass.


– Vi fikk den beste leilegheita, slår Jorunn fast med eit nøgd smil.

Kaffi med utsikt

Dalsfjordingen som har budd på Folkestad store delar av livet har heile 18 oldebarn og trivst med litt liv og røre. Ho er dermed veldig nøgd med å dele bygg med 20 barn på dagtid.

– Eg har jobba litt i barnehage sjølv og, så her kan eg ikkje ha det betre, fortel 89-åringen.

I sommar tok ho morgonkaffien utanfor døra si, og fekk ønskje velkomen til alle barna som skulle tilbringe sommardagane i barnehagen. Ho skildrar det som ein veldig god start på dagen.

– Det er så koselig når dei kjem bort til meg. Dei spør om alt mogleg.

Det er så koseleg når dei kjem bort til meg. Dei spør om alt mogleg.

Jorunn Eidset

Og det er særleg blomane og grønsakene Jorunn dyrker som fangar merksemda til barna.

Ho viser stolt fram tomatplanta som har vakse mykje dei siste dagane.

Hilde Muren er barnehagelærar og lektor ved Høgskulen i Volda.



Ho er positiv til det tette samarbeidet mellom Folkestad barnehage og Folkestadtun.

– Vi i barnehagane skal nytte læringsmiljøa som er i nærleiken, og dette lærar eg opp studentane mine i, seier ho.

Sjølv har ho jobba i Sæbø barnehage, som hadde eit tett samarbeid med aldersheimen i nærområdet.

– Vi såg på dette som positivt, men det passar sjølvsagt ikkje for alle barn og eldre, legg ho til.

Ho meiner at det er barnehagen sitt ansvar å legge til rette for generasjonsmøte, og forklarer at eldre kan framstå som annleis og gjere barn utrygge.

– Med ei slik ordning som dei har på Folkestad, opnar det for at det å bli gamal er ein del av livet, seier ho.

Det er kanskje meir vanleg å bygge saman barnehagar og skular, men Muren meiner at ein heller burde opprette tettare samarbeid mellom barnehagar og omsorgsbustadar.

– Eg meiner alle barnehagar bør vurdere samarbeid med omsorgsbustadar, avsluttar ho.

Med ei slik ordning som dei har på Folkestad, opnar det opp for at det å bli gamal er ein del av livet

Hilde Muren, lektor ved Høgskulen i Volda

Døra er alltid open

Tilbake i barnehagen kjem mange barn springande mot gjerdet når Jorunn kjem ut av inngangsdøra si.

Ho går bort til porten til uteområdet, og seier hei. Ho kjenner alle med namn.

Både dei yngre og eldre gler seg til neste sangstund i lag.

Dei er litt for opptekne til å vere med på fellesbilete, det er mykje som skal byggast.

– Det var veldig kjekt å synge. Og sjå på traktoren min! seier Vebjørn Seim Flote (4) og poserer stolt med lekebilen.



Han og Markus Lillenes Skarmyr (3) koste seg i andre etasje, men er nok også glad for at dei endeleg fekk på seg regnkleda og kunne løpe ut til traktorane.

Når Jorunn går tilbake til leilegheita si, ropar ungane farvel, og går tilbake til leikene sine.

Powered by Labrador CMS