Vil bruke fleire hundre millionar på fastlegeordninga

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) er klar for å punge ut frå statskassa for styrking av fastlegeordninga.

690 millionar kroner skal gå til å styrke fastlegeordninga i neste års statsbudsjett. Mesteparten skal brukast til betre oppfølging av dei sjukaste pasientane.

På torsdag legg regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjettet for 2023. Til VG avslører helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) kor mange kroner som vil gå til å styrke fastlegeordninga.

Summen blir 690 millionar kroner. Forslaget gjeld frå 1. mai neste år.

– Fastlegeordninga har vore i trøbbel lenge. No må vi snu den nedadgåande spiralen og få den til å gå oppover. Vi må skape optimisme og kraft i allmennmedisin og endre ordninga slik at den blir bærekraftig og rekrutterar godt, seier Kjerkol i eit intervju med VG.

Dette skal millionane gå til

480 millionar kroner skal gå til basisfinansiering av fastlegane slik at pasientar med langvarige og store behov skal få betre oppfølging.

ALIS-ordninga, som er utdanninga for legar som skal bli spesialistar i allmennmedisin, får bevilga 200 millionar kroner.

Dei 10 resterande millionane skal brukas til infrastruktur for forskning på allmennmedisin.

Over 3000 ventar

Tidlegare denne veka skreiv Nærnett om situasjonen for fastlegeordninga på Søre Sunnmøre. Der kom det fram at 3146 pasientar er på venteliste for å få ny fastlege.

Fastlegane i regionen har arbeidsdagar som går langt over det ein reknar som ei normal arbeidsveke i Noreg.

På Søre Sunnmøre slit dei med rekruttering av fastlegar og kommunene må betale i dyre dommar for vikarar frå utanlandske vikarbyrå for å sikre nok dekning, i tilfeller der fast tilsette fastlegar er sjukmelde eller ute i permisjon.

Allmennlegeforeningen har blitt kontakta av Nærnett for å kommentere lekkasja. Dei ynskjer ikkje å svare før heile budsjettet blir lagt fram 6. oktober.

Powered by Labrador CMS