3146 pasientar står i kø for å få ny fastlege på Søre Sunnmøre

TYPISK: Plakatar, medisinsk utstyr og hyller fulle av fagbøker. Dette synet møter mange pasientar når dei trer inn på legekontora rundt om i landet.

Arbeidsveker på 56 timar er ikkje uvanleg kost for fastlegar i Noreg. No fryktar kommuneoverlegane på Søre Sunnmøre at fastlegekrisa kan forverre seg.

Publisert Sist oppdatert

SØRE SUNNMØRE:

– Det er ein meiningsfull jobb som er eg takknemleg for, men den har ei slagside, fortel fastlege Olav-Andre Myklebust ved Volda legesenter.

Myklebust er tillitsvald for fastlegane i Volda, og uttalar seg på generelt grunnlag.

Slagsida han pratar om er dei lange arbeidsdagane, og dei stadig veksande ventelistene.

Per dags dato står 3146 pasientar i kø for å få ny fastlege på Søre Sunnmøre.

Å legge kabalen

Ein undersøkelse Menon Economics publiserte i 2018 viser at fastlegar arbeider i snitt 56 timar i veka.

– Ein vil kjempe for å kome seg heim frå jobb for å vere med ungane sine. Rutinene kan endrast, men det er ein kabal vi må få til å gå opp. Av og til ser ein ikkje før i etterkant kva som må ofrast for jobben, fortel Myklebust.

Olav-Andre Myklebust møter pasientane sine med opne armar

Likevel vil han tydeliggjere at fastlegejobben er eit privilegium.

– Men som tillitsvald er det samtidig desillusjonert og naivt å seie at vi ikkje befinn oss i ei stadig meir kronifisert krise.

Ventelister

Ei som også er bekymra for fastlegesituasjonen i Noreg er kommuneoverlege i Ørsta, Marte Vaage Øie.

– Det raknar meir og meir for kvar einaste dag, og regjeringa ser ikkje ut til å ta det på alvor.

På heile Søre Sunnmøre slit dei med lange ventelister.

– Det manglar legar i alle nabokommunane her ute, seier kommuneoverlege i Ulstein kommune, Norunn Kirkebø Elde.

Difor søkjer pasientar frå andre kommuner om å få fastlege i Ulstein. Det gjer at fastlisteplassane der er fulle, sjølv om dei har 1000 fleire plassar enn talet på innbyggjarar i kommunen.

Må rekruttere frå utlandet

Bruk av utanlandske bemanningsbyrå har blitt meir og meir utbredt. NRK skreiv i sommar om Aure kommune som må punge ut 2217 kroner i timen for fastlegevikarar.

Fem av kommunane på Søre Sunnmøre opplyser at dei har måtte tatt i bruk slike byrå når legar har blitt sjukmelde eller gått ut i permisjon.

Fastlege Olav-Andre Myklebust i Volda ser på rekrutteringssituasjonen som eitt av dei største problema med fastlegekrisa. Difor meiner han det er eit paradoks å belyse situasjonen.

På kontoret til fastlege Olav-Andre Myklebust heng det både tegningar, fotografier og gule gardiner.

– Det siste vi ønskjer er å demoralisere og skremme unge, potensielt komande, kollegaer frå denne fantastiske jobben!

Avhengig av gode tenester

I august utpeikte regjeringa eit ekspertutval som skal sjå nærare på fastlegeordninga, og kome med konkrete forslag for å forbetre situasjonen.

– Vi jobbar på høggir med løysingar for fastlegeordninga og tek krisa på største alvor, uttalte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i pressemeldinga om ekspertutvalet.

Kjetil Telle ved Folkehelse­instituttet leier utvalet.

Kjetil Telle, fagdirektør for helse­tene­steforskning ved Folkehelse­instituttet.

Då han fekk telefonen om å få leie utvalet var han klar for å ville bruke mykje tid på tematikken, men at det var ei krevjande utfordring å løyse innanfor ei kort frist.

Telle og resten av mandatet meiner fastlegeordninga har tent nordmenn godt over fleire år.

Likevel trur dei mellom anna at fastlegane si aukande arbeidsbelastning, og ei stadig aldrande befolkning er den vonde rota som har vekst seg stor.

Telle vil ikkje uttale seg om rapporten dei utarbeidar før den blir levert 1. desember 2022.

– Dette er veldig krevjande, og spennande å jobbe med. Heldigvis er dette eit lagarbeid, utvalet består av medlemmar som til saman har mykje erfaring og kunnskap om allmennlegefeltet.

Så mange ventar på ny fastlege i kommunene på Søre-Sunnmøre

  • Ørsta kommune: 650 pasientar
  • Volda kommune: 384 pasientar
  • Ulstein kommune: 509 pasientar
  • Herøy kommune: 862 pasientar
  • Sande kommune: 57 pasientar
  • Hareid kommune: 524 pasientar
  • Vanylven kommune: 160 pasientar

NB: Lista gir ikkje eit heilt korrekt bilete sidan fleire av pasientane har fastlege, men har søkt om å bytte.

Powered by Labrador CMS