
Dette er meg: Ei vestlandsjente som pratar austlandsk
Skriftspråket mitt er nynorsk. Austlandsk talemål og nynorsk som skriftspråk, er for mange ein snodig kombinasjon.
Eg og venninna mi Hanna Kristine Elde er frå same plass. Det er fleire ting som skil oss frå kvarandre. Likevel er det ein ting mange legg ekstra merke til. Vi pratar ikkje likt.
– Hvordan har du det?
– Eg har det fint! Kva med deg?
– Jeg har det også bra! Hva gjør du på?
– Akkurat no drikk eg ein kopp kaffi før eg skal kome meg ut.

Ein liten stad på vestlandet
Eg hadde mine første leveår i hovdustaden, Oslo. Året eg fylte 8 år flytta eg til ein liten stad på vestlandet. Sandane heiter det.

Då eg begynte i tredjeklasse der, hadde eg etablert eit muntleg språk. Eit språk tilnærma bokmål. Men det er ikkje skriftspråket mitt. Eg skriv nynorsk, og tenkjer på nynorsk. Akkurat som Ivar Aasen gjorde.
Eg møter ofte mange reaksjonar på at korleis eg pratar ikkje samsvarar med korleis eg skriv. Men kor rart er det eigentleg?
På Aasentunet oppsøkte eg hans røter for å få eit svar på målet hans. Der møtte eg språkforskar Fredrik Hope som kan ALT om nynorskens far.
– Hovudsaka hans var ikkje å lage eit vestlandsspråk, men å finne eit språk for heile landet. Han kalte det landsmål, og det handlar om at det blei mest brukt på landsbygda. Men det skulle vere eit landsdekkjande språk. Det skulle gjelde heile landet, seier Hope.
Når dette var målet til Ivar Aasen. Kvifor synest folk det er så rart?

– I mange sitt hovud er det ofte litt firkanta. Austnorsk høyrer til bokmål og vestnorsk til nynorsk, men det er nok litt meir komplisert enn det, legg Hope til.
Det er nettopp slik mange av folka eg møter i dag tenkjer.
"Hæ, nynorsk?!"
Det er ikkje lett. Eg må gang på gang overbevise folk om kvifor måten eg snakkar på ikkje heng saman med korleis eg skriv.
Den utfordringa står ikkje venninna mi overfor. Ho pratar jo som ho skriv.
Likevel har eg lenge lurt på kvifor eg føler ein så sterk tilknytning til nynorsken. Leiar i Norsk Mållag, Peder Lofnes Hauge, gav meg eit lite svar på det.

– Nynorsk betyr mykje for folk. Det er ein sterk identitetsmarkør på kven du er, og kor du kjem frå. For veldig mange er språk grunnleggjande for måten folk tenkjer, kommuniserer og forstår verda på, seier Hauge.
Han fortel også at dette i aller høgaste grad gjeld nynorsk, fordi det er eit mindretalsspråk.
– Nynorsk er på mange områder under press, så det kan gi ein følelse av at språket vårt er verdt å kjempe for, fordi vi er nøydde til det. Akkurat det styrkar følelsen veldig mange nynorskbrukarar har til sitt eige språk, som majoritetsspråkbrukarar ikkje kjenner på i like stor grad, legg Hauge til.
Identiteten min
Så det er ikkje så rart at eg skriv som eg gjer. For skriftspråk handlar ikkje berre om korleis du snakkar, men kor du føler identiteten din ligg.
For meg er det i nynorsken.
– Fakta er at sånn er det her i landet. Ein skriv og snakkar ikkje nødvendigvis likt, avsluttar Fredrik Hope.