BALANSERE JOBB OG SKULE: Sundquist føler sjølv at deltidsjobben ikkje kjem i vegen for skulearbeidet.

– Eg kunne ikkje klart meg utan deltidsjobb

Den store prisveksten på både mat og straum har dominert overskrifter i det siste. Studentar i storbyane fortvilar, og fleire må ha jobb for å overleve. No har dei høge prisane sett sitt preg på Volda-studentane.

Publisert

VOLDA: – Slik det ser ut økonomisk no, så må eg ha jobb.

Det seier Linnea Sundquist (21). Ho går andre året bachelor i sosialt arbeid ved Høgskulen i Volda, og er snart ferdig utdanna sosionom. Så lenge ho har budd i Volda, så har ho hatt faste vakter på restauranten Tredet i Volda sentrum. Der trivast ho godt.

– For min eigen del har eg jobb like mykje for det sosiale som det økonomiske. Der får eg møtt forskjellige folk som eg ikkje ville ha møtt elles, seier Sundquist.

TRAVEL KVARDAG: Linnea Sundquist liker å ha mykje å gjere, og for ho er det fint med ein jobb ved sidan av studiar.

Den siste tida har det vore ei stor prisauke på ei rekkje matvarer, og det merkast godt på økonomien til 21-åringen.

– Tidlegare har eg ikkje brukt noko av lønna mi, anna enn på plutselege utgifter. No etter jul har eg vore nøydd til å bruke meir av lønna på mat og andre varer, seier ho.

Ho meiner studiestøtta ikkje held tritt med den aukande inflasjonen som skjer i landet.

– Studielånet rekk til mat og husleige, og så skal ein overleve på det vesle som er til overs. Vi er heldige her i Volda med ganske låg leige, men den økonomiske stønaden er likevel såpass minimal at ein må tenkje over alt ein kjøper.

Ber regjeringa ta grep

Maika Marie Godal Dam er leiar for Norsk Studentorganisasjon. Ho merkar godt at studentane har mindre å rutte med enn før.

Levekårsundersøking 2021

  • 48 prosent av studentane har også jobb fordi støtta fra Lånekassen ikkje strekk til.
  • 43 prosent av studentane oppga at dei jobba ved sidan av studiane som ein årsak til at dei er forsinka i noværende studiar.
  • 55 prosent av heiltidsstudentae med jobb oppgir at dei jobbar for å dekkje nødvendige utgifter til mat og bolig.
  • Studentar ved universitet og høgskuler bruker 46 timer i veka på studie og jobb.
  • 66 prosent av heiltidsstudentar i universitets- og høgskuleutdanning jobba ved sidan av studia.
  • 2 av 10 heiltidsstudentar mottek peng fra foreldre.
  • Kjelde: ssb.no

– Vi ser tydeleg at studentar jobbar meir i dag enn før, og at det går på bekostning av det å studere, seier Godal Dam.

BEKYMRA: Maika Marie Godal Dam er bekymra over utviklinga over prisen på matvarene.

Nyleg kom det tal frå Norsk Studiebarometer. Der kom det fram at studentar brukar nesten ein og ein halv time meir på betalt arbeid no enn for to år sidan. Samtidig kom det fram i ei undersøking frå SSB at ein har større sjanse for å stå på eksamen hvis ein jobbar mindre.

No er Godal Dam uroa over utviklinga. Ho meiner regjeringa må kome meir på banen og auke studiestøtta nok til å følgje dagens prisnivå.

– Vi i Norsk studentorganisasjon ynskjer at studiestøtta skal hevast og bli knytt til grunnbeløpet i folketrygda. Det er for å gjere studentøkonomien mindre sårbar for auka prisar i framtida.

– Det går ikkje opp

Eirik Odde er også student ved Høgskulen i Volda. Han har ingen deltidsjobb ved sidan av studiane, og lever kun på studiestøtta han får av Lånekassen. Det krev mykje planlegging.

– Eg må lage budsjett for kvar veke. Kvart måltid må bli planlagt på førehand, og fleire av middagane mine endar ofte opp med å bli brødskive.

Odde bur åleine på ein liten hybel og betalar 5000 kroner i månaden. I tillegg kjem det straum. Som oftast går økonomien akkurat opp, men med dei auka straumprisane, går det no i minus kvar månad.

Vi fulltidsstudentar må leve eit 150% liv.

Eirik Odde

– Desember var heilt forferdeleg. Då kom det straumrekning på 2500 kroner. Då har ein ikkje råd til så veldig mykje anna. Sidan desember har eg gått i minus kvar månad.

No vurderer han om han skal få seg ein liten ekstrajobb, berre for å få det til å gå opp.

EIGEN KÅK: Eirik Odde bur åleine, men det er ikkje billig.

– Det ligg alltid litt bak i hovudet det med økonomi. Då må ein prioritere; skal ein fokusere fullt og heilt på studiet, eller skal ein bruke tid på jobb for å få råd til mat og leige?

For Eirik sin del er det vanskeleg å dele opp tida si konstruktivt.

– Eg må sette meg 100% inn i ein ting for å klare å gjennomføre. Eg klarar ikkje å dele opp tida mi slik 50% på studie og 50% på jobb. Då blir det vanskeleg for meg å skulle jobbe.

Han håper studiestøtta auker framover.

– Det er ikkje haldbart den utviklinga som skjer no. Det er vi unge som er framtida, men slik det ser ut no, så blir vi ikkje prioritert av regjeringa, avsluttar Odde.

Powered by Labrador CMS