
– Ein blir hugsa for korleis ein får folk til å føle seg
TikTok-karriera til Mattias Grimstad (19) frå Ulsteinvik starta som eit veddemål med ein kompis. No er innhaldet hans med på å hjelpe ungdom med motivasjon.
ULSTEINVIK: Mattias Grimstad har sidan april 2021 hatt ein TikTok-konto der han hovudsakleg har lagt ut videoar med humor, leik og moro. Etter førespurnad frå mor om han også kunne legge ut videoar med djupare meining i blant, starta han å leggje ut litt visdomsord blant humorinnhaldet. Dette førte med seg ei vending i alt han la ut.
– Då eg berre hadde lagt ut nokre få av desse motivasjonsvideoane mine, så mottok eg ei melding av ein følgjar som sa at videoane mine hadde hjelpt han med å flytte heimanfrå. Eg hadde nyleg også flytta ut, og synest sjølv at det var ein stor overgang. Det gjorde inntrykk å høyre at eg hadde hjelpt nokon med den overgangen, seier Grimstad.
Etter han starta med å legge ut videoar med visdomsord, så har ballen rulla vidare, og 19-åringen frå Ulsteinvik har no 42.000 følgjarar på TikTok.
– Responsen har vore overveldande og surrealistisk på eit vis. Eg klarer ikkje heilt å sjå føre meg at eg kan hjelpe nokon gjennom ein skjerm, legg han til.
Hatkulturen på TikTok er ubegripeleg
Grimstad er klar over TikTok sin hatefulle natur, og viser til bekymring ovanfor unge på plattforma.
– Der er ingen grenser for kor mykje hets folk får på TikTok. Eg får hat eg også, det er klart det, presiserer Grimstad.
Vidare fortel han at han mellom anna har opplevd å få falske rykte spreidd om seg på TikTok. Også på livestreams merkar 19-åringen at det har blitt ein trend å legge igjen hatkommentarar på moro skuld. Heldigvis er ikkje dette noko han og hans fan-base har slitt mykje med, med det hender ein gong i blant.
Ynskjer å hjelpe andre
Tross platforma sin hatefulle atmosfære, er det ikkje hat retta mot han sjølv som bekymrar han. 19-åringen er oppteken av å kunne motivere følgjarane, og har langt meir fokus på korleis dei føler seg. Han vil gjerne jobbe med å hjelpe folk i framtida, men er usikker på om influensaryrket kan vere for uføreseieleg.
– Eg vil ha ein meiningsfull jobb, og eg vil hjelpe andre. Det tenkjer eg mykje på, utdjupar Grimstad.
Sjølv tek han no eit årsstudium i psykologi på UiO, og synest det passar godt saman med intensjonane han har i innhaldet sitt. Etter suksess på internett har Grimstad blitt personleg opptatt av følgjarane sine, og korleis dei føler seg. Han fortel at mange opnar seg til han, og at det er trist å få vite kor vondt mange av dei har det.
– Mange av dei treng berre å bli sett, og nokre får ikkje oppnådd det behovet, meiner Grimstad.
Han har ei læresetning som sjølv motiverer han til å drive på med det han gjer.
- Det er ei litt klisjé utsegn, men eg likar å seie at du blir ikkje hugsa for kor mykje du tener, men for korleis du får folk til å føle seg, avsluttar han med.