Utsikt frå Sandhornet mot Vassdalstinden i Ørsta kommune.

Kva er eigentleg greia med fjellnamna på Søre Sunnmøre?

Tolv Grøthorn, fire Sandhorn og fem Middagshorn. Dette er berre nokre av fjellnamna som går igjen på Søre Sunnmøre. Kvifor er det så mange like namn?

Publisert Sist oppdatert

– Det er nok ei meining bak mange av desse.

Det seier Ola Einang, tidlegare friluftslivlærar ved Høgskulen i Volda. Han er kanskje ein av dei som har vore mest i fjella på Søre Sunnmøre.

– Du har ein heil del fjell som har namn som Middagshorn og Nonshorn. Dei namna kjem av at ein før i tida pleidde å ete middag midt på dagen, ofte når sola stod midt over eit fjell. Og for å finne ut når ein skulle heim for å ete middag, kunne ein følgje med om sola stod over fjellet, forklarer han.

Stor variasjon

Stig Jarle Helset, førsteamanuensis for institutt for språk og litteratur på Høgskulen i Volda har studert og forska på fjella og fjellnamna på søre Sunnmøre.

– Det som er spesielt med fjella, i første omgang, er at det er veldig stor variasjon frå indre, midtre og ytre strok på Sunnmøre, seier han.

Til dømes finn ein i midtre strok, på aust- og vestsida av Hjørundfjorden i Ørsta, veldig mange fjellnamn på «tind».

– Tind er ei samanlikning med tinden på ei rive, altså noko spist eller kvast. Noko som spelar på kva type fjellformasjon ein finn i midtre strok ­— spisse og alpine former, forklarer han.

Jobben å tolke

Helset fortel vidare at dei fleste fjellnamna ein finn på Søre Sunnmøre er samansette namn, og då typisk relasjonsnamn. Eitt døme er Kolåstinden som er samansett av gardsnamnet «Kolås», og samanlikningsleddet, «tinden».

– Slike fjellnamn er som regel lette å tolke. Men så er det ein del namn, spesielt dei usamansette namna, som er vanskelegare å tolke, seier han.

Til dømes finn ein i ytrestøk, heilt ytst på Hareidlandet, eit fjell som heiter Skolma.

– Dette kan vere ei samanlikning med hokjønnsordet «ei skolm», som betyr muslingsskal. Men det kan også vere eit anna hokjønnsord «skolm», som betyr kløft eller opning, legg han til.

Eitt fjell, men to namn

Før i tida var dei små bygdesamfunna på Søre Sunnmøre svært isolerte, til liks med andre bygder i Noreg. Når dei såg på fjella frå si bygd såg fjella annleis ut enn kva dei gjorde frå til dømes ei anna bygd. Og sidan folk hadde lite kontakt med andre bygder, fekk fjella ulike namn, alt etter kvar du såg dei frå. Dette kallar Helset for parallellnamn.

– Eit døme på parallellnamn finn ein på Standaleide, i Ørsta kommune. Der er det eit fjell som follestaddalingane kallar for Fremste Nøvdalshornet, medan standalingane på andre sida av fjellet kallar det for Nonshornet, seier han.

Dette kan verte eit problem når ein skal namngi eit fjell med parallellnamn på kartet.

Tindane i midtre strok, i Ørsta kommune.

– Då må ein velje, om ein skal bruke namnet frå den eine bygda eller namnet frå den andre bygda, legg Einang til.

Fjellnamn på kartet

Det er kartverket som avgjer kva namn ein skal bruke når ein lagar eit kart.

I følgje Kartverket sine nettsider starta ein med teikning av kart på 1600-1700-talet.

Dei tidlegaste detaljkarta over Noreg vart laga der det var størst behov for kart, for det meste i bergverka og militærvesenet. Helset fortel at det ikkje finns klare retningslinjer for kva ein skal velje når det gjeld parallellnamn.

– Det vert i stor grad opp til Kartverket kva parallellnamn dei skal bruke, seier han.

Einang fortel også at då han byrja å gå i fjella vart det brukt ein del andre namn, enn det som står i karta den dag i dag.

– Det har ikkje alltid vore like lett å orientere seg, mykje på grunn av at namna på kartet har blitt skifta ein del sidan eg byrja å gå i fjella, seier han.

Men korleis gjer ein det når ein til dømes skal gi ut bok om fjella på Søre Sunnmøre?

Helset fortel om då han var med å skulle gi ut ei guidebok for skiturar på Søre Sunnmøre. Då dukka det opp to fjell med same namn.

– Me skulle ha med to fjell som begge heiter Kvitegga. I det tilfelle vart den eine kalla «Kvitegga på Ljøen» og den andre «Kvitegga i Norangsdalen». I slike tilfelle må ein vere flink til å presisere kvar fjella ligg slik at folk lettare skal kunne orientere seg, seier han.

Det enkle er ofte det beste

Isolering og orientering kan vere noko av grunnen til kvifor det er så mange fjell her på Søre Sunnmøre som har like namn. For det enkle er oftest det beste?

På spørsmålet om kva folk burde hugse på og ta med seg inn i framtida, svarer Helset:

– Folk må vere flinke til å bruke naturen og fjella som me no har snakka om namna på.

https://soundcloud.com/user-375351948/fjellnamn-pa-sore-sunnmore?utm_source=clipboard&utm_medium=text&utm_campaign=social_sharing
Powered by Labrador CMS