DANSEGLEDE: Mange møtte opp på samlinga "Dans for unge vaksne" på Mork Grendahus.

Folkedansar Anna: – Dansen har alltid vore der

Folkedans er ein viktig del av norsk kultur og historie. Dei siste ti-åra har det blitt meir tabu blant ungdomen å halde på med dette.

Publisert

VOLDA: – I dag er det mange som ikkje har noko forhold til folkedans, seier Anna Gjendem.

HJARTEKJÆRT: Anna Gjendem har vakse opp med folkedans.

Ho er utdanna folkedansar, og i dag jobbar ho ved Folkedansarkivet for Møre og Romsdal, som er ein del av regionmuseet VITI. Gjendem har alltid hatt ein lidenskap for folkedansen, og jobbar hardt for å føre den vidare.

– Folkedansen har alltid vore der, for min del. Foreldra mine var instruktørar i den leikarringen eg vaks opp i. Den har vore ein naturleg del av livet vårt.

Sjølv om Anna Gjendem alltid har hatt eit nært og kjært forhold til folkedansen, innrømmer ho at det ikkje var sjølvsagt at ho skulle vere engasjert med dette i så mange år.

– Eg starta for alvor å vere aktiv med folkedansen då eg var rundt 15-16 år. Då var det eit stort ungdomsprosjekt i Møre og Romsdal som heitte Snu Nordvest. Hadde ikkje dette prosjektet kome til Møre og Romsdal den gongen, er det ikkje sikkert eg hadde hatt dette som jobb i dag. Då hadde eg sikkert slutta, seier Gjendem.

Nytt tiltak

Dette Snu Nordvest-prosjektet, var ein del av satsinga Bygda dansar, som vart arrangert av organisasjonen Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Dei er ein stor forkjempar for folkedansen. Hausten 2022 kom dei med ei ny satsing som skal ta over for Bygda dansar, nemleg Dansespor. Dei håper at dette prosjektet skal bidra til å styrke aktiviteten ute i lokalområda.

– Forskjellen no er at vi skal sitte litt meir på sidelinja, og la eldsjelene jobbe sjølve. Det handlar om bærekraft, vi vil ikkje at aktiviteten skal slutte når vi er ferdig der, seier Birgit Haukås, prosjektmedarbeidar og rådgivar ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Dansespor er avhengig av at det er eldsjeler ute i lokalområda som har lyst til å bidra og starte opp med ulike prosjekt. Her har det vore eit stort engasjement, og Haukås er storfornøgd.

– Vi har berre gjennomført éi eldsjelssamling, og den neste er i mars. Vi har fått full påmelding på begge desse samlingane. Det seier jo noko om at vi har råka rett tema, seier ho fornøgd.

FULL SVING: Eldsjelsamlinga var ein suksess.

Danseglede på Sunnmøre

På Mork Grendahus i Volda, vart det nyleg arrangert “Dans for unge vaksne”. Dette var eit prosjekt som kom til etter eit initiativ av Linn-Eli Kopperstad i samband med den nye satsinga Dansespor. Her er også Anna Gjendem aktiv, og jobbar som mentor for å hjelpe til med dette prosjektet. Ho vart positivt overraska over oppmøtet.

– Det kom mykje folk, og mykje folk som ikkje kunne å danse polka og reinlender frå før, men som var nysgjerrige, seier Gjendem fornøgd.

Ho fortel også at ungdomslaga rundt her slit med rekruttering, og at snittalderen er rundt 60-80 år. Ein ynskjer å rekruttere den yngre generasjonen, og det følte ho at dei fekk til på denne samlinga.

– Dei yngste var folk som gjekk på vidaregåande. Vi sa ikkje alder, vi sa unge vaksne, så fekk ein føle litt på det sjølv. Dei yngste var kring 16-17 år, og dei eldste var godt opp i 40-åra, seier Gjendem, som òg legg vekt på det positive ved at ein kan samlast sosialt.

– Eg tenker at folk i dag har godt av å vere saman, særskilt etter korona. Ein har eigentleg behov for å gjere noko saman, og vere nær kvarandre på ein grei måte, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS