SPRÅKOPPLÆRING: Hanna Dariienko frå Ukraina er norsklærar ved Folkestad skule.

Folkestad skule med unikt og inkluderande tilbod til ukrainske flyktningar

Frå nyttår oppretta Volda kommune eit eige skuletilbod for ukrainske flyktningar på Folkestad skule. Skulen har no fire ukrainske elevar.

Publisert Sist oppdatert

FOLKESTAD: 

– Kva heiter du?

Spørsmålet kjem til meg frå ei av dei ukrainske jentene ved Folkestad skule. Ho fortel at ho eigentleg ikkje er så glad i å studere.

– Det er kjekkare å vere ute i friminutta saman med dei andre jentene i klassa, seier jenta, som Nernett ikkje får oppgi namnet til.

Norsklærar frå Høgskulen i Volda 

Skuleklokka har nettopp ringt inn til ny time. Det er norskundervisning for dei fire ukrainske elevane som står på timeplanen. Dei kjem undrande inn i klasserommet, og er tydeleg interesserte i kven me er og kvifor me er der.

Pernille Viddal startar skuletimen. Viddal er ein av to lærarstudentar som jobbar som norsklærar på Folkestad skule. Ho gir elevane beskjed om å øve på å skrive namnet sitt.

LÆRARSTUDENT: Pernille Viddal går siste året på lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda

Viddal fortel at språket definitivt er den vanskelegaste delen. Det ukrainske språket har annleis alfabet og setningsoppbygging enn det norske.

I tillegg er hovudmålet på Folkestad skule nynorsk, som gjer norskopplæringa hakket vanskelegare for elevane, meiner Viddal. 

Undervisningsopplegget deira er temabasert. No driv dei med temaet ´på skulen´ kor dei lærer namnet på ulike ting ein finn i klasserommet.

– Vi vil gje dei ein god ordbank fyrst, og så bygge opp språket vidare, seier Pernille Viddal.

Viddal fortel at det mest krevjande er å tilpasse undervisninga til aldersspennet, men det har gått greitt, fortel ho.

Ho meiner det er ei god erfaring å få med seg som lærar, og fortel at ukrainarane er ein kjekk gjeng å jobbe med.

– Me er heldige som også har med ukrainske lærarar, det hadde vore mykje vanskelegare utan, meiner Viddal.

Totalt er dei fire lærarar som har norskundervisning for dei ukrainske elevane.

– Det gir oss moglegheit til å gje ungane betre kvalitet på undervisninga, meiner Viddal.

Ukrainske tolkar

TRIVES: Ivan Kucher har to jobbar. I tillegg til jobben på Folkestad, driv han BUA i Volda.

Ivan Kucher er ein av dei ukrainske lærarane. Han fortel at dei trivs på Folkestad skule.

– Vi føler oss trygge og komfortable her. Vi har snille og støttande kollegaer, fortel Kucher. 

Kucher meiner det er ein fordel at han allereie kan engelsk. Mangel på utdanna lærarar i Ukraina gjer at ikkje alle i heimlandet har fått lære engelsk.

Kucher fortel at læringa er ulik frå elev til elev. Dei fire elevane går i andre, fjerde, sjette og sjuande klasse. 

– Det er ganske annleis. Dei har forskjellige personligdomar og lærer i ulikt tempo, fortel Ivan, og legg til at alderen til elevane speler ei stor rolle.

Rektoren er fornøgd

FORNØGD: Bogen meiner innføringstilbodet dei har til flyktningane fungerer bra.

Rektor ved Folkestad skule, Tom Erik Bogen, fortel at han er fornøgd med opplegget.

Skulen har framleis få ukrainske flyktningar, men rektoren reknar med at det kjem fleire elevar utover våren. Han er sikker på at dei vil klare å ta imot fleire.

– Eg syns det går bra så langt. Vi har fått dei ressursane vi treng, både lærarar og språkassistentar.

Bogen fortel òg at han er fornøgd med innsatsen frå lærarstudentane.

– Samarbeidet er veldig bra! Dei tar oppgåva veldig seriøst.

Volda kommunestyre skal gjere vedtak på kor mange flyktningar kommunen skal ta imot i 2024. Tilrådinga frå kommunedirektøren er å ta imot færre flyktningar i år, samanlikna med tidlegare år. Bogen meiner dette er lurt:

– Det er fornuftig å redusere antalet litt. Det er eit stort press på skule og barnehagar.

Han fortel at både Folkestad, Dalsfjord og Hornindal skule er tatt i bruk, grunna plassmangel på skulane i Volda sentrum.

 

Powered by Labrador CMS