PRISAUKE: Sunnare alternativ blir stadig dyrare, og dette skremmer ekspertane.

– Håper folk klarer å snu trenden i tide

Å velge sunt vert fronta av ekspertar på tvers av mange fagfelt. Men når prisane på dei sunne alternativa berre aukar, blir det meir og meir utfordrande for forbrukarane å ta gode val.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: Ernæringsterapeut Ingeborg Tusvik Nupen jobbar med kosthald og ernæring, og er veldig oppteken av helse. Ho ser på denne utviklinga med stor uro, og peikar på at det er problematisk at folk utviklar eit usunt kosthald.

FOLKEHELSEFORKJEMPAR: Ingeborg Tusvik Nupen er oppteken av folkehelsa, og ser bekymringsfullt på endra matvaner som kjem i forbindelse med prisauken.

– Eg ser på matdagbøkene til klientane mine at dei gjerne går for enkle løysingar når det gjeld mat. Då ser eg gjerne at måltidet anten inneheld billegare ingrediensar, er halvvegs ferdiglaga, eller så har det vore prioritert at maten skal vere spiseklar med ein gong. Maten er billegare, men den gir ikkje så mykje skikkeleg næring som folk treng, seier Tusvik Nupen.

Ho merkar at folk vel å bruke pengane sine annleis. Det er litt færre som tek grep om eigen kropp og helse. Dette ser ho også på matdagbøkene som ho gir tilbakemelding på. Ho håper at folk klarer å snu matvanane i tide, slik at ein ikkje utviklar sjukdommar som diabetes type 2, overvekt eller fedme. Ho er likevel spent på framtida.

– Eg er uroleg for folkehelsa, og ser ikkje vekk ifrå at folk kan bli mindre konsentrert og mindre fokusert som følgje av eit dårleg kosthald. Folk kjem kanskje til å slite meir på skulen, i studiane, eller i samband med jobb, når kosthaldet gjer at ein ikkje blir tilfredsstilt eller får dekka sine ernæringsbehov, seier ho bekymra.

Vore viktig heile livet

Astrid Nicola Hembre McDonald er både student og mor til ein gut på fem år. Ho har vore opptatt av å ete sunt sidan barndommen, og synest det er leit at prisane har auka.

– Eg synest det er dumt at prisane stig, i alle fall når dei usunne alternativa med mykje sukker og tilsetjingsstoff er billegare enn det som er råvarebasert, seier McDonald.

Ho har merka at sunn mat har blitt dyrare, og prøver å finne alternative løysingar for å spare pengar.

BARNDOMMEN: Astrid Nicola Hembre McDonald har vore oppteken av sunn mat sidan barndommen, og tar ulike grep for å velge sunt trass i dei aukande prisane.

– Vi er veldig opptekne av å ete lokalmat og sesongbasert. Vi fiskar sjølv, og plukkar bær og sopp som vi frys ned. Det hjelp på økonomien.

Ho legg også til at ho har blitt meir medviten matprisane, og at ho prøvar å nytte seg av tilbod i butikken.

– Eg ser ekstra på pris, leiter etter matvarer på tilbod, og nyttar meg av det. Eg tenkjer også litt over om ting er i sesong, seier ho.

Ikkje gå i fella

Ingeborg Tusvik Nupen advarer mot å la småhandel og lokkande tilbod ta overtaket.

– Av og til så kan dei lokkande prisane i butikken og reklamene medføre at kassalappen blir dyrare gjennom ei veke. Det var kanskje berre enn kjapp småhandel, det var kanskje noko billeg ein ville unne seg. Dessverre blir det ikkje noko billegare å leve når ein går i denne fella, seier ho.

Nokre tips Nupen har er å bruke handleliste, og å begrense inntaket av snop, snacks og godteri til laurdag. Da kan ein spare inn ganske mykje.

– Skriv handleliste, ta den med deg til butikken, og hold deg til handlelista. Det er du som er kunden som skal komme sigrande ut av butikken, og ikkje butikken som skal gripe tak i deg, seier ho.

Astrid har òg nokre fleire tiltak på lur.

– Vi et mest vegetar, handlar datovarer og andre varer på tilbod. Vi lager også mat frå botnen, baker brød sjølv sidan det er dyrt å kjøpe sunt brød, og lagar ting som kanskje er litt dyrt frå botnen av, avsluttar Astrid.

Powered by Labrador CMS