Mangelfullt treningstilbod
Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda) skal bygge opp under Volda Studentidrettslag (VSI) sin aktivitet. Samstundes er SiVolda medeigar i Family Sports Club Volda AS - utan at dette kjem studentar særleg til gode.
VOLDA:
SiVolda eig 25,8 prosent av aksjane i Family Sports Club Volda AS.
I 2021 tok SiVolda ut 645 000 kroner i utbytte frå verksemda i Volda.
Jan Henning Egset, administrerande direktør i SiVolda, er på vegner av studentsamskipnaden styremedlem i Family Sports Club Volda.
- Gjennom eigarskapet i Family prøver SiVolda å sikre studentprisar på trening i Volda, skriv Egset, i ein e-post til Nærnett.
Studentrabatten på 50 kroner per månad er likevel ikkje unik for Family Sports Club Volda, men gjeld alle treningssentera til treningskjeda nasjonalt.
Auka prisar
Stian Woo Andersson er leiar i VSI, den einaste sportslege organisasjonen for studentar i Volda.
Han skulle ønskje eigarinteressa i større grad skulle kome studentane til gode.
- Studentane i Volda får lite igjen frå Studentsamskipnaden i Volda sitt eigarskap i Family Sports Club Volda AS, meiner Woo Andersson.
VSI får tilskot til drifta frå SiVolda.
- SiVolda har ikkje eige treningstilbod til studentane, men vi gir tilskot til mellom anna VSI slik at dei kan drive sine aktivitetar, seier Egset.
Trass i tilskotet har prisane i studentidrettslaget auka frå 300 kroner per semester til 450 kroner per semester, mellom anna som følgje av auka leigeprisar på Idrettsbygget i Volda.
Nedlagt styrkerom
Fram til våren 2022 hadde VSI tilbod om trening i styrkerom på Idrettsbygget. Dette vart rive, då det kom fram at det ikkje var forsvarleg bygd.
- Halvparten av medlemstala våre førre semester var studentar som var interessert i eit styrkeromalternativ. Av opp i mot 300 medlemmar var 150 medlemmar for å få tilgang til styrkerommet. Det seier litt om etterspurnaden og engasjementet, seier Woo Andersson.
Betre tilbod andre stadar
Fleire studentsamskipnadar driv sine eigne treningssenter som eit rimelegare alternativ til kommersielle aktørar. Til dømes kan ein student i Ålesund gjennom sin studentsamskipnad trene for 185 kroner per månad med tolv månadar bindingstid. Ein Volda-student må ut med 329 kroner i månaden for det billigaste alternativet ved Family Sports Club Volda. (Sjå faktaboks).
- Vi ønskjer eit auka helsetilbod. Studentane i Volda har for dårleg velferdstilbod når det gjeld fysisk aktivitet, seier Woo Andersson.
Den einaste aktive avtalen Volda Studentidrettslag har med Family Sports Club Volda er at medlemmar i studentidrettslaget får 50 prosent rabatt på padeltennis i Voldahallen.
- Dette er eit samarbeid vi meiner burde utvidast til å gjelde også andre aktivitetar med bistand frå Studentsamskipnaden, seier Woo Andersson.