KONSERTLOKALE?:Ved Sunnmørsbadet gjekk den andre oppsetninga av flytekonsert av stabelen.

Musikk på vatn 

Søndag 11. februar blei Sunnmørsbadet i Fosnavåg fylt med musikk og song då festival- og konsertarrangør Tonehimmel inviterte til flytekonsert. Publikum låg på rygg i bassenget og fekk musikken frå Magnar Åm og Kristin Bolstad flytande inn i øyret. 

Publisert Sist oppdatert

HERØY: To av dei som tok turen til Sunnmørsbadet for å få med seg flytekonserten var studentane ved Høgskulen i Volda, Johanne Vold (25) og Ronda-Kristine Bekkevold (24). Dei fortel at dei har aldri har vore på flytekonsert tidlegare, men er spent på konseptet.

– Eg har ikkje kjennskap til verken Magnar Åm eller musikken. Men eg likar å bade, så det er eit stort pluss, seier Johanne Vold.

– Kjem du mest for musikken eller badinga?

– Det er konserten eg er her mest for. Eg går blindt inn, men det er kombinasjonen av svømmebasseng og konsert som virkar veldig spennande, og eg likar veldig å bade, seier ho vidare.

BADE-KLAR: Johanne Vold (venstre) og Ronda Kristine Bekkevold gjer seg klare til ei konsertoppleving utanom det vanlege.

Forteljing om frykt

Fyrste verk ut i manesjen, eller bassenget i dette tilfellet, var Kristin Bolstads bachelor-verk «Frå panikk til boblekyss». Verket, som blei spelt igjen for fyrste gong på 15 år, er ein refleksjon av Kristin Bolstad sine eigne erfaringar og hennar frykt for vatn. Konserten vart framført med mykje symbolikk og interessante instrument, som fiolin, trompet og piano, i kombinasjon med meir alternative instrument, som klinkekuler, steinar og vassbytter. 

Før konserten starta, fekk deltakarane utdelt små papirbåtar som skulle segle under konserten. Dette var ikkje tilfeldig eller berre for leik og moro. Kristin Bolstad fortel at båtane representerer indre frykt eller utfordringar som nokon kanskje har i tankane. På same måte som bassenget i seg sjølv er den frykta Bolstad ein gong hadde.

FOR FULL MUSIKK: Frå venstre: Dirigent Magnar Åm, pianist Tor Øyvind Humelsund, Marthe Grønvold Nilsen, Ingrid Vik Henriksen og Karen Rosenberg Olsen. I stupetårna frå venstre: Magnus Bugge på klinkekuler, Geir Hjorthol på trompet og Øystein Salhus på fiolin.

– Ein bauta. 

Under Magnar Åm si framføring av «her, i oppstoda (flytande)», flaut publikum på rygg i bassenget. Mens Magnar stod på bassengkanten og spelte piano, strøymde lyden frå pianoet ut av høgtalarar, som var plassert under vatn. 

Ein av dei som fekk oppleve Magnar Åm sine påfunn var student ved Høgskulen i Volda, Audun Otterlei (24). Han seier det var ei merkeleg, men spennande oppleving. 

–  Det var som å høyra på ein stille, harmonisk sirene, og det vekka ei lyst i meg å sitte i eit stillekammer, heilt musestille.

–Har du opplevd noko tidlegare av Magnar Åm?

UNIK KONSERT: Audun Otterlei var storfornøgd med konserten.

– Eg hadde høyrt noko om han fra før og noko av arbeida hans. Det virka veldig spennande. Han er ein bauta. Det er beste måten å oppsummere det på.

– Ei WOW oppleving

Kristin Bolstad seier at det er særmerkt å ha konsert i ein symjehall..

– Det er ei WOW-oppleving, som ein berre kan oppleva i ein symjehall.

– Korleis det?

– Ein får ei kjensle av indre ro. Eg vil beskrive det som ein slags meditasjon, med dryppa frå klinkekulene som lagar mønstra i vatnet. Det er som eit bål midt på scena, noko publikum kan fokusere på, samtidig som dei høyrer på musikken, meiner Bolstad.

FORNØGD: Ein fornøgd Kristin Bolstad etter konsertslutt

 Bolstad fortel at logistikken er det vanskelegaste elementet ved å rigga til ein konsert i ein symjehall.

– Det er jo ein del instrument og teknisk utstyr som skal inn. Me treng for eksempel eit piano på plass før konserten kan starte. Men resultatet blei bra, seier ho nøgd. 

– Vart konserten betre enn sist gong?

– Mykje betre enn sist, sjølv om eg var nervøs. Det er mykje vatn og spennande instrument, men eg synest det gjekk fint, seier Bolstad.

– Blir det 15 år til neste flytekonsert?

– Nei, me skal ha fleire konsertar framover. Det vil nok ta litt tid til neste arrangement,  men det blir slettes ikkje 15 år til neste gong. Det skal vere sikkert og visst, seier Bolstad lurt.

 

Powered by Labrador CMS