STØRST PÅ TIKTOK: Simen Velle, leiar i FpU, har nær fått litt status som TikTok-kjendis med 27 100 følgjarar og videoar som har nådd opp til så mykje som 955 000 avspelingar.

Nei takk til TikTok

TikTok har blitt nytta effektivt av fleire parti for å nå ut til yngre veljarar. På Søre Sunnmøre har lokalpartia latt vere å hive seg på TikTok-bølgja.

Publisert Sist oppdatert

Heile 40 prosent av unge mellom 16 år og 19 år seier dei nytter TikTok som ein nyheitskjelde.

FORSKER PÅ TIKTOK: Ragnhild Tvergrov Skaare, informasjonskoordinator i UTSYN senter for sikkerhet og totalforsvar, jobbar for tida med eit prosjekt om korleis TikTok potensielt har påverka første- og andregongsveljarar under årets lokal- og fylkestingsval. - TikTok er ganske nytt og det finst ikkje spesielt mykje forsking på korleis den sosiale plattformene kan påverke val, seier Tvergrov Skaare.

– Det er ein ganske stor forskjell på å nytte TikTok for å til dømes følgje med på kva den nye store kjendissaken er, eller å nytte TikTok som ein nyhendekjelde, seier Ragnhild Tvergrov Skaare. I forskinga vil ho og UTSYN finne ut kva forhold unge har til det innhaldet dei ser på appen, og om dei hovudsakleg nyttar seg av TikTok eller andre kjelder til å få informasjon om valet.

TikTok-kongane FrP og Høgre

Under årets kommune- og fylkestingsval har dei politiske partia i Noreg hatt ulike tilnærmingar til korleis dei vil nytte seg av sosiale medium. Mellom anna bestemte Venstre og Arbeidarpartiet seg for at dei ikkje ville nytte seg av TikTok under valkampen. – Venstre gjekk så langt at dei gav beskjed om at lokalpolitikarar som nyttar seg av TikTok ikkje hadde løyve til å nytte Venstre sin logo i sine videoar på appen, fortel Tvergrov Skaare.

Andre parti har valt ein aktiv strategi på appen for å nå ut til ein yngre målgruppe. Til dømes Høgre, både med ein konto for partiet og ein profilert konto for leiar Erna Solberg. – Høgre har òg mange profilerte ungdomspolitikarar på appen, inkludert leiar i Unge Høgre Ola Svenneby.

Framstegspartiet har ikkje eigne brukarar som parti på TikTok, men ungdomspolitikarane i FpU er likevel nokon av dei som når flest sjåarar på appen.

Polariserande innhald

Tvergrov Skaare, trur mykje av suksessen til FrP og Høgre på TikTok først og fremst handlar om at politikarane i partia er flinke til å bruke appen effektivt.

– Ein del forsking frå utlandet tyder på at meir polariserande innhald skapar sterkare kjensler. Dette kan kome fram i mellom anna Woke-debatten og andre kultursaker som unge er opptekne av. Eit par utsagn kan få mykje merksemd og det speglar igjen med at innhaldet blir vist hyppigare av algoritmen til det sosiale mediet, seier Tvergrov Skaare.

Polariserande innhald skaper meir engasjement og mest sett.

– På TikTok kan dette kome fram tydlegare enn på andre sosiale medium sidan appen er veldig algoritmestyrt. På Instagram og andre sosiale medium blir «veggen» i større grad prega av kva vener ein har eller kven ein følgjer. På TikTok handlar det meir om å gå viralt og å få mykje merksemd, seier Tvergrov Skaare.

- Meir problematisk enn andre sosiale medium

TikTok og andre sosiale medium samlar inn mykje informasjon om brukarane. Stortinget har lagt ned forbod om å ha appen installert på telefonar med tilgang til Stortingets system.

– Vi veit ikkje heilt kva data som TikTok samlar inn som blir lagra, og kven som potensielt har tilgang til den. Av sikkerheitsårsakar er det ikkje klart om vi ønskjer at eit kinesisk eigd selskap skal ha stor påverknad på informasjonslandskapet i Noreg, fortel Tvergrov Skaare.

Det er òg uklart kva koplingar som finst mellom den kinesiske eigaren av appen, Bytedance, og kinesiske myndigheiter. – Eit anna aspekt med TikTok som er litt problematisk er at det har vore ein del problem på appen tidlegare knytt til desinformasjon og påverknad. Mykje desinformasjon har fått sirkulere på appen i god tid før det har blitt fjerna, seier Tvergrov Skaare, som legg til at dette òg gjeld andre sosiale medium.

- Viktig å tenkje alternativt

ORDFØRAR: Ulstein Framstegsparti, med ordførar Knut Erik Engh, har ikkje ein aktiv strategi for sosiale medium.

Ulstein FrP er eit av lokalpartia på Søre Sunnmøre som ikkje har fokusert mykje på å nytte sosiale medium til å nå nye veljargrupper. – Vi nyttar oss litt av Facebook, men eigentleg ikkje så veldig aktivt, seier Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein.

Han har lagt merke til suksessen ungdomspartiet har hatt med å nå ut til unge på TikTok. – Eg trur det er viktig at ein tenkjer alternativt for å nå ut til unge veljarar. TikTok har vist seg å vere ein veldig godt egna plattform for å nå unge, noko vi tydeleg såg i skulevalet, seier Engh.

Ulstein FrP vurderte aldri sjølv å nytte seg av TikTok i valkampen. – Vi har veldig få unge på lista vår dessverre, og har ikkje nokon som ville tatt på seg å vere ansvarleg redaktør på TikTok for oss, fortel Engh.

Høyr Radio Volda si reportasje om TikTok, og korleis Ulstein AP og Ulstein FrP har nytta seg av sosiale medium i valkampen (frå 15:30 i sendinga):

Powered by Labrador CMS