
Oppdrettsusemje blant ordførar og varaordførar
Høyringsfristen for den interkommunale kystsoneplanen går ut fredag. Etter valet skal det avgjerast om det skal opnast for opne oppdrettsanlegg langs Hareidkysten.
På Brandal møter vi dei tidlegare sjømenna og hobbyfiskarane
Sigvald Brandal og Arve Grimstad. Dei er kritiske til ei opning av fleire
oppdrettsanlegg langs Hareidkysten.
Det er eit stort omfang av hobbyfiskarar som nyttar seg av dei gode fiskeforholda langs Hareidkysten.
Brandal Båtlag, Hareid Småbårtlag og Hjørungavåg Småbåtlag har til saman 320 båtplassar. På Brandal er det om lag 50 fritidsbåtar og yrkessjarkar.
- Dei aller fleste av desse driv med hobbyfiske langs med land, seier Grimstad.

12. september i fjor kalla Noregs største lakseoppdrettar Mowi inn til ope møte på Hareid for å informere om ønsket deira om å etablere ti laksemerdar i Uravika, mellom sørsida av Brandal og Hareid. Den store vassgjennomstrøyminga i Sulafjorden fører til eit stor mangfald av artar og fisk. I området der villfisken trivst er det òg gode forhold for å opprette akvakulturlokalitetar.
Mowi har sjølv i innspel trekt fram at Uravika utpeikar seg som det enklaste og raskast realiserbare området for fiskeoppdrett. Dette området er eit av dei som vart fjerna sidan førre høyring om kystsoneplanen.
- Vi er opne for å sjå på moglegheitene

- Oppdrettsnæring er ein viktig eksportnæring for Noreg, seier Bernt Brandal, ordførar i Hareid.
I dag er to akvakulturlokaliteter i Attavika og Alme inne i kystsoneplanen som er til høyring.
– Så får vi høyre kva innbyggjarar og andre meiner om det, seier Brandal. Han fortel at både innbyggjarane og næringslivet sine reaksjonar skal takast omsyn til før ei endeleg avgjersle.
Folkelista for Hareid stiller ingen garantiar om at Uravika ikkje kan kome inn i den endelege kystsoneplanen.
– I dag er det ikkje med i planane. Men om det er sterke argument for å ta det inn i planane må dette vurderast. Vi som enkeltpersonar kan ikkje garantere noko som helst. Det er fleirtalet i eit nytt formannskap og kommunestyre som avgjer kva som blir konklusjonen om eit oppdrettsprosjekt i Uravika, seier ordføraren.
Han fortel at Folkelista for Hareid føretrekker løysingar med landbasert oppdrett og lukka anlegg i sjø. – Men dei to lokalitetane som det er opna for i planen inne til høyring er opne anlegg. Vi er ikkje heilt 100% i den eine eller andre retninga. Vi er opne for å sjå på moglegheitene, fortel Brandal.
Klart nei

Etter dagens regelverket har ikkje kommunar moglegheita til å stille krav til kva type anlegg ein kan ha når ein opnar eit område for akvakultur. – Difor seier vi nei til oppdrettsanlegg langs kysten vår i dag. Om vi skal ha oppdrettsanlegg så meiner vi av miljøomsyn at vi må gå for lukka anlegg, seier Annika Brandal, varaordførar i Hareid for Venstre.
Hareid Venstre stemte i mot å inkludere moglegheitene for akvakultur i Attavika og Almestranda i den interkommunale kystsoneplanen. Varaordføraren fortel av Venstre framleis vil stemme i mot.
– Det er fleire grunnar til at vi meiner det er feil å legge oppdrettsanlegg i dei føreslåtte områda. Nokre av forslaga er i konflikt med reiselivssatsing, rekreasjon og anna næring, fortel Brandal.