Anders Fannemel frå Hornindal støtter Maren Lundby, og håper at dei unge i sporten ikkje bekymrer seg for talet på vekta. Biletet er frå Vikersundbakken i mars 2019

Fannemel einig med Lundby: – Unge idrettsutøvarar skal ikkje tenke på vekt

Førre veke blei det kjend at skihoppar Maren Lundby må droppe OL til vinteren. Årsaka er at ho ikkje ønskjer å slanke seg på ein uforsvarleg måte. Ho får støtte og ros frå skihoppar-kollega Anders Fannemel frå Hornindal.

Publisert

– Dette er eit fornuftig val av Maren. Viss det å satse på OL hadde gått på kostnad av helsa, er det ikkje verd det, seier Fannemel på telefon til Nærnett.

Det var torsdag 7.oktober ei trist Maren Lundby møtte NRK for å fortelje nyheita om at ho står over OL i Beijing. I etterkant har det flauma inn med støtteerklæringar.

Flannemel fortel at Lundby er eit førebilete for mange, og at han set pris på at ho er ærleg.

– Ho er eit prakteksempel på eit førebilete i hoppsporten, understrekar verdsmeisteren.

Klar for OL

Sjølv har Fannemel vore på landslaget i ti år, men har stått over dei to siste sesongane på grunn av ein alvorleg kne-skade han blei råka av under eit hopp i Polen sommaren 2019. No er målet å komme seg til OL i hovudstaden til Kina i februar 2022.

– Det har vore ein lang prosess å trene seg opp igjen med operasjonar, rehabilitering og opptrening i kneet. Det har tatt mykje lengre tid enn eg såg for meg da eg blei skada. Målet no er å komme til OL og prestere der, seier horndølen.

Han forklarer at det er veldig uvant å ikkje kunne drive med det ein likar aller best.

– Vekt er ein av dei siste puslebitane

Fannemel starta å hoppe på ski da han var 14 år, og laget var Hornindal IL. Han har ikkje opplevd noko kroppspress sjølv, og håper at vekt ikkje er eit tema blant unge utøvarar.

– Vekt er ein av dei siste puslebitane i prosessen for å bli verdas beste skihoppar. Det er gleda av å drive på og mestringskjensle som skal vere drivkrafta blant barn i idretten. Unge idrettsutøvarar skal ikkje tenke på vekt, slår han fast.

Han held fram:

– Fram til ein nærmar seg verdenscup-nivå er det kun høgde og skilengde som er aktuelt. Sjølv har eg alltid vore ein liten og kort mann, og har derfor veldig korte ski, seier han og ler litt.

– Hoppsporten er ikkje sjuk

Fannemel trur at vektkrava i hoppsporten er så gode som dei kan bli, men utelukkar ikkje at det kan finnast betre løysingar.

– Eg vil jo at sporten skal vere bra for alle, og det er alltid mogleg å optimalisere og tenkje nytt.

Men hopparen peiker på at det må skje gjennom dialog. Han set ikkje pris på at folk sjukeliggjer hoppsporten.

– Det er rart når folk som ikkje har innsyn i kvardagen vår kritiserer og seier at hoppsporten er sjuk. Det er høg takhøgde i hoppsporten, og vi har eit bra apparat rundt oss som hjelper oss viss ein treng å optimalisere kosthaldet sitt. Vi har helsepersonell rundt oss, og har jamnlege helsekontrollar for å fange opp viss nokon har eit problem.

Nei til Skal vi danse

Det er ingen tvil om at skihopparen saknar kollegaen sin, og gledar seg til ho kjem tilbake for fullt. Fannemel og Lundby har hoppa saman i nærare 15 år.

– Eg saknar å ha Maren i miljøet. Ho er den beste norske skihopparen gjennom tidene, klart vi merker at ho ikkje trener med oss.

Han håpar ho kjem tilbake snart, men seier at det er det berre ho som kan seie noko om.

Men sjølv om Fannemel gjerne vil se Maren Lundby tilbake veldig snart, er det kjekt å ha nokon å heie på i Skal vi danse. Men Fannemel sjølv har ikkje trua på at han ein dag dansar på Telenor Arena i paljettbluse.

– Nei, eg har ikkje så mykje rytme i kroppen, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS