Søylediagram med oversikt over flyktningar på Søre Sunnmøre.
Søylediagram med oversikt over flyktningar på Søre Sunnmøre.

Slik blir busettinga av flyktningar på Søre Sunnmøre.

645 flykningar skal busettast på Søre Sunnmøre. Slik blir fordelinga blant kommunene.

Publisert Sist oppdatert

SØRE SUNNMØRE: 18. mars blei det sendt ut nye oppmodingar frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) til alle kommunene i Noreg. IMDi kom med oppfodring om eit bestemt antal flyktningar til busetting til alle kommunnene. Kommunene hadde frist til å svare på denne oppmodinga 31. mars. Slik ser det ut for kommunene på Søre Sunnmøre.

60 flyktningar til Hareid

På oppmoding frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) vil Hareid kommune busette til saman 60 flyktningar i 2022.

Bernt Brandal seier at Hareid kommune førebur seg på alle områder for å ta i mot flyktningar.
Bernt Brandal seier at Hareid kommune førebur seg på alle områder for å ta i mot flyktningar.

Førebuingane til å møte behova til flyktningar er i gang. Ordføraren i Hareid kommune, Bernt Brandal opplyser om at kommunen førebur seg til på alle område.

– Vi held på å gjere det klart både med husvere i kommunal regi og husrom frå private som vi leiger med. Vi har interne møter og dialogar med barnehagar, skular og helse. Vi innvolverar alle som vil bli innvolvert i det.

Aktuelle sektorar/einingar som vil møte flyktningar stiller seg positive til å kunne hjelpe. Dette melder Hareid kommune på nettsida si.

Ja til 135 flyktningar

Ulstein kommune har vedteke å auke ramma for busetting av flyktningar til til totalt 135 personar i 2022. Dette er i tråd med oppmodinga frå IMDi.

Lars Erling Bjåstad Hovlid er bant dei som jobbar med å auke kapasiteten i dei kommunale tenestene
Lars Erling Bjåstad Hovlid er bant dei som jobbar med å auke kapasiteten i dei kommunale tenestene

Ulstein kommune påpeikar at busetting av 135 flyktningar er langt meir enn det dei nokon gong har gjort på så kort tid.

– Vi har ikkje den kapasiteten nå, men det er det vi jobbar med nå, fortel Lars Erling Bjåstad Hovlid, einingsleiar for inkludering og mangfald.

– Nå må vi bygge opp igjen

Kommunestyret i Sande kommune har vedteke å busette 50 flyktningar. Dette er i tråd med IMDi si oppmoding til Sande kommune.

Kommunedirektøren Anders Hammer er med på å bygge opp flyktningstenesta til Sande kommune
Kommunedirektøren Anders Hammer er med på å bygge opp flyktningstenesta til Sande kommune

Anders Hammer, kommunedirektøren i Sande fortel at det å busette flyktningar kan være utfordrande.

– Dette er ei utfordring fordi vi veit ikkje kven som kjem, når dei kjem, og kva slags behov dei har, seier Hammer.

I tillegg fortel han at Sande kommune har nedskalert flyktningstenesta si over fleire år, fordi Sande er ei lita kommune.

– Nå må vi bygge opp igjen. Vi er i gang med arbeidet, slik at vi skal vere så forberedt som mogleg den dagen det kjem flyktningar som skal busette seg midlertidig i Sande kommune, fortel Hammer.

Mykje privat intiativ

Formannskapet vedtok tysdag 29. mars at Herøy kommune skal ta imot til saman 85 flyktningar i 2022.

Nå førebur kommunen seg knytt opp til dei tenestene som dei skal yte til dei flyktningane som kjem til kommunen.

I tillegg påpeikar kommunalsjef for kultur og oppvekst, Sølvi Lillebø Remøy, at dei har fått mange private som har meldt inn ulike boligar til flyktningane kan bu i.

– Det er mange som har meldt seg med hus og leiligheiter .Vi held på å kartlegge kor store desse husa er og i kva tilstand dei er i, seier Remøy

Sølvi Lillebø Remøy
Sølvi Lillebø Remøy

Oppmoda til å ta i mot 15 flyktningar

Vanylven kommune har blitt oppmoda av IMDi om å busette 15 flyktningar frå Ukraina.

Kommunen har satt i gang arbeidet med å etablere ei flyktningteneste, slik at dei er sikre på at dei kan ta imot flyktningane på ein god måte.

– Det er viktig at Vanylven kommune kan gje flyktningane frå Ukraina gode tenester innanfor helse og oppvekst. Når vi har fått til dette, så kan vi tilby å ta imot fleire flyktningar frå krigsområda i Ukraina, står det på Vanylven kommune si nettside.

Ørsta og Volda tek i mot 150 kvar

På kommunestyremøtet 24. mars blei det avgjort at Ørsta kommune skal busette 150 flyktningar i 2022. Dette er i tråd med oppmodinga dei fekk frå IMDi.

– Det vil påføre alle tenester store utfordringar. Etter kvart vil det også bli eit behov med støtte frå lag og organisasjonar i Ørsta kommune og anna frivilligheit. Dette opplyser Ørsta kommune i eit saksdokument

Den 31. mars hadde Volda kommune eit ekstraordinært kommunestyremøte. Her vedtok dei å ta imot 150 flyktninger iløpet av 2022. Dette er talet som IMDi oppmoda til.

150 flyktningar er langt meir enn det Volda kommune har busett i løpet av eit år. Dette krev at mange kommunale tenester må finne nye løsningar og kapasitet fort å sikre gode tenester.

Volda kommune skriv på sine nettsider at det vil kreve mykje av kommunen å busette 150 flyktningar, men at det er mogleg å få det til.

Her vedtok kommunestyret å busette 150 flyktningar i Volda kommune.
Her vedtok kommunestyret å busette 150 flyktningar i Volda kommune.