Synger for full hals: Militærkoret LOVA og SKRUK var på besøk i Trondheim under Olavsfest 2019. FOTO: Privat

Spreier song frå Sunnmøre til Madagaskar 

Publisert Sist oppdatert

I påska skal Sunnmøre kristeleg ungdomskor (SKRUK) til Madagaskar. Koret skal i samarbeid med eit gassisk militærkor, halde fleire konserter for dei lokale. 

Samarbeidet har røter mange år tilbake og dirigent Per Oddvar Hildre er spent på den komande reisa. 

Prots varmer opp stemmebånda til koristane.

– I ti dagar skal vi øve inn nytt stoff, komponert og arrangert av Anders Rønningen. Vi skal prøve å rekke ein badedag, men det blir hektisk

Kva er SKRUK?

I over 50 år har SKRUK inspirert menneske, kultur og samfunn. Organisasjonen har sidan første samling på Haugsholmen i 1973, reist til Tyrkia, Aserbadjan, New Orleans og California for å nemne nokre steder. 

Dirigent Per Oddvar Hildre (73), har vore med sidan første samling. Han går under kallenamnet Prots, og har gjort seg anerkjent som kordirigent i både inn- og utland. Han har ingen planar om å gi seg enda. 

...

Kven er Prots? 

Prots saman med leiar Ingeborg Mork.

– Eg er ein bondetamp frå Hildrestranda.

Han fortel at det å vere utdanna som lærar, har gitt ein indre drivkraft.

–  Eg synest det er ekstra spennande å utforske og eksperimentere med koristane. Etter 50 år er dei like lojale, sjølv om eg har blitt ein gammal slask.

...

Ingeborg Mork Håskjold har vore leiar i sju år og seier det er ein skrekkblanda fryd. Det er ein arv som ho skal ta med seg vidare.

–  Foreldra mine var med frå start og det har gitt meg mange gode minner. Eg blei faktisk fødd under ei SKRUK-samling.

Ho er takknemleg for å få arbeide med så mange prosjekt og ildsjeler. Koret har i mange år hatt eit nært samarbeid med Erik Hillestad og Kirkelig kulturverksted.

 

Eldste medlem

Anne Stine Kristvik frå Volda, fekk tilbod om å bli med i eit ungdomskule-kor i 1972. Lite visste ho at det skulle føre til ei 50 år lang reise. Av alle opplevingar er det spesielt ei hending som skil seg ut.

Knut Aksnes og Anne Stine Kristvik smiler etter gjennomført konsert i Ørsta Kyrkje.

– I 2022 spelte SKRUK og Mahsa Vahdat inn eit nytt cd prosjekt, som blei kalla «Braids of innocence» (Uskyldens fletter). Lite visste vi at dette kom til å bli noko større enn berre ei cd plate.

18.september, nokre månadar seinare, blei Mahsa Amini drept av moralpolitiet i Tehran, fordi flettene hennar ikkje blei dekka godt nok. Denne handlinga skapte eit sinne, og flettene blei eit symbol på friheit blant kvinner over heile verda.

–  Albumet fekk no enda større betydning og det har skapt store intrykk. Vi haldt konsert i Jakobs kyrkja i Oslo kor det var fleire iranske kvinner som møtte opp.

,,,

 

Nyaste medlem

Frå eldst til yngst, møter vi Knut Nyhus Aksnes (20) frå Haramsøya. Han ser på dette som ein fin utfordring sidan det har gått i arv i familien.

 – Min far og fleire av mine tanter har vore med tidlegare. No er det meg og min eldste bror som er medlemmer i koret.

Det var ekstra stas å få spørsmål om å prøve-synge i fjor. Det nyaste medlemmet av SKRUK gler seg spesielt til sin første tur. 

Brødrene: Knut Aksnes og Peter Aksnes

Koret har no passert 50 år, men kan det verte 60 år?

- Vi har ein del unge som spør om kva som vil skje vidare. Eg seier som eg alltid har sagt, vi tek ein dag om gongen. Om vi klarer 60 år så får vi hoppe langt og rope halleluja, seier Per Oddvar Hildre.

Laurdag 10. februar: Dei lokale strøymar til Ørsta Kyrkje når SKRUK kjem på besøk.
Powered by Labrador CMS