BEREDSKAPSLAGER: Studentane er ikkje førebud på ei krise.

Studentar har ikkje beredskapslager i heimen

– Veldig mange oss er så vande til å tenke at alt fungerer heile tida.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: I ei spørjeundersøking om eigen beredskap ved Høgskulen i Volda, svarte berre èin av 60 studentar at dei hadde beredskapslager der dei bur. Thea Marie Wulfsberg Eilertsen (25) studerer ved Høgskulen i Volda, ho er ikkje ein del av statistikken, men ho fortel at resultatet ikkje er eit sjokk. 

KRIG: Thea Marie Wulfsberg Eilertsen til høgre fryktar ikkje krig i Noreg.

 – Sjølv har eg ikkje eigen beredskap, verken her i kollektivet eller heime. Eg har vel aldri følt eit behov for å ha eit beredskapslager, seier Eilertsen. 

Eilertsen trur at dette kan skuldast at dei fleste studentar ikkje har teke seg tid til å setje seg inn i kvifor dei burde vere førebudde på krisesituasjonar. 

 – Å ha eit beredskapslager kan til dømes skape tryggleik med tanke på at Russland grensar til Noreg, i tilfelle krigen skulle ramme oss, seier Eilertsen. 

Meir uro i verda

Forskar ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI), Jakub M. Godzimirski, meiner at nordmenn må rekne med at Noreg vil bli utsett for fleire åtak på kritisk infrastruktur i framtida.

 – Det er mange forskjellige måtar å gå til angrep på eit land på. Kritisk infrastruktur kan verte ramma utan at Russland må krysse grensa. Dei kan sende langtrekkande missil eller droner. Mykje av infrastrukturen har blitt digitalisert, dette gjer oss meir utsett for cyberangrep, seier Godzimirski.

 – Det er ikkje utan grunn at myndigheitene har sendt ut anbefaling til befolkninga om å ha mat og vatn til å klare seg sjølve i nokre dagar. 

 Fullblods dommedagspreppar

EKSPERT: Jakub M. Godzimirsk forskar på russisk utanriks og sikkerheit-politikk.

 Det same understrekar Tore Kamfjord, utgreiingsleiar i Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB). 

– Alle bør vere førebudde på at det kan skje ting som fører til at vi ikkje har tilgang til det vi treng når vi har behov for det, seier Kamfjord. 

 Han er kjent med at den yngre delen av befolkninga er mindre førebudde på krisesituasjonar enn dei som er godt vaksne.

– Det synest eg er ganske naturleg både på grunn av livserfaringar, økonomi, lagringsplass og risikotenking generelt, fortel han. 

 Kamfjord peiker på at klimaendringar og digital sårbarheit og avhengigheit kan føre til at situasjonar får større konsekvensar enn for nokre år sidan. Han trekkjer fram at folk i dag i stor grad er avhengige av mobiltelefonar for å løyse problema sine.

 – Kva om det blir et langvarige straumbrot eller at ein mister tilgang til telefontenestene. Det vil få ein god del konsekvensar for korleis krisa kan handterast, seier Kamfjord. 

 Det er ikkje berre lurt å vere førebudd, men nødvendig, påpeiker beredskapsleiaren.

 – Å ha ei form for et beredskapslager er ikkje så vanskeleg som nokon kanskje trur. Det er ikkje slik at du må bli ein “fullblods dommedagspreppar”. Ein kan fint lagre litt vatn og mat på studenthybelen, seier Kamfjord. 

FELLESKAP: Studentane kan ta vare på kvarandre i ein krise situasjon.

 

Studentar har ikkje råd 

 – Har du nokre konkrete tips til studentar? 

 – Eg forstår at studentar ikkje har økonomi til å handle inn mange ekstra matvarer, men ha gjerne noko smått liggande. I ein studenthybel kan ein godt lagre nokre brusflasker med vatn under senga eller i eit skap. Om ein kjøper ein pakke ris og nokre suppeposar, så har ein plutseleg proviant nok til å klare seg i nokre dagar, avsluttar Kamfjord.

 I løpet av året vil DSB presenterte reviderte råd som omhandlar kva ein bør gjere i ein krisesituasjon. 

 

Powered by Labrador CMS