
Suksess med spel på Grodås
Regissør og manusforfattar Torunn Lødemel Stokkeland vonar spelet kan bli ein tradisjon.
GRODÅS:
— Det kjennes forferdeleg rart at det er over, seier Torunn Lødemel Stokkeland.
Det er seks år sidan ho fyrst fekk idéen om søstrene Mel og samfunnet på kroa "Kro Ken" i den fiktive bygda Hønndalen. Gneista som oppstod i 2017 har ført til fire framsyningar i Groparken. "Spelet om søstrene Mel og sjøormen" baud på herleg musikk, glitrande skodespel, leikne kostymar og svært aktuell scenografi.
Tanken bak spelet med dei mange ordspela - Fanne Mel, Gro Dås og Tomas Gard, for å nemne nokre få - var delvis inspirert av Brødrene Dal, fortel initiativtakaren.
— Eg elskar jo Brødrene Dal og KLM. Eg vaks opp med det, og eg elskar den humoren, med ordspel og fjas. Det er så gøy!
Lødemel Stokkeland byrja å skrive manuset til spelet i 2019. I utgangspunktet var planen å ha premiere i fjor haust.
— Takk og lov for at det ikkje vart slik! Det er mange ting som har falt på plass sidan da. Alt har si inkubasjonstid - du får ikkje tomatar fortare om du dreg i tomatplanta. Ting tek den tida det tek, smiler ho.

Rann inn med folk
Lødemel Stokkeland kan fortelje om gode attendemeldingar og besøkartal når heile speleperioda er eit faktum sundag kveld.
— Vi selde ut dei tre fyrste framsyningane, og den siste var litt over halvfull. Det er plass til litt over 300 personar, så det er meir enn tusen personar som har sett framsyninga. Ein blir jo audmjuk når ein står på premiera, og så ser ein at det renn inn med folk. Vi har jo gleda oss slik til å vise fram dette, seier ho.

I tillegg til å vere initiativtakar og manusforfattar, har Lødemel Stokkeland regissert spelet. Men det er eit gedigent maskineri som har vore satt i sving for å få framsyninga i mål.
— Det har vore eit eventyr. Det har vore så mange flotte folk på scena, og så mange fantastiske folk rundt scena. Folk har haldt på både dag og natt for å få dette i mål. Det er ein svær produksjon bak, med masse friviljuge. Og tenk at folk har sagt ja til meg, stråler ho.
— Blir spelet ein tradisjon?
— Eg ynskjer jo det, men eg vil at vi skal gjere det annakvart år. Vi skal ikkje slite ut dei friviljuge. Det er mykje dugnadsarbeid i Hornindal, og mykje som skjer.
Ho ser ikkje bort ifrå at det ein gong kan bli nokon annan enn ho til å regissere spelet.
— Det er alltid spanande å sjå kva andre vil gjere med det ein skriv.
