
Supernytt tek opp betent tema: – Viktig å fortelje om korleis vi jobbar
Julie Ravnås og Maria Lindbäck jobbar i Supernytt i NRK. No er dei på besøk i Volda og Ørsta for å fortelje om korleis dei snakkar om krig i nyheiter for barn.
ØRSTA/VOLDA: – Alt dei er modne nok til å spørje om, er dei òg modne nok til å få vite svaret på, seier Julie Ravnås.
Saman med Maria Lindbäck jobbar dei i Supernytt. Ravnås jobbar som produsent, medan Lindbäck jobbar som programleiar.
Supernytt er eit nyheitsprogram for barn som går på NRK Super.
Profilane er begge utdanna journalistar ved Høgskulen i Volda.
Onsdag kom dei tilbake for å snakke om korleis Supernytt snakkar om krig på forskingsdagane ved Høgskulen i Volda. Temaet for forskingsdagane er tryggleik.

I tillegg var dei tysdag i Ørsta for å besøkje ein skuleklasse på Velle skule.
Førelesing framfor 90 femteklassingar
– Dersom det skal handle om Gaza, så er vi veldig medvitne på kva bilete vi brukar. Det er viktig at vi førebur sjåaren på kva det skal handle om, seier Ravnås.
Framfor 90 femteklassingar skulle dei onsdag halde ei førelesing om korleis dei jobba og formidla krig på Supernytt.
– Supernytt lagar nyheiter for barn i alderen åtte til tolv år. Vi er i tillegg det einaste redaktørstyrte mediet som lagar TV-nyheiter for barn. Då meiner vi det er viktig å fortelje korleis vi jobbar med alvorlege tema, held Ravnås fram.
Dei fortel at dei viktigaste tilbakemeldingane kjem frå nettopp dei som følgjer med på nyheitssendingane. Altså femteklassingane som for anledninga var tilskodarar.

– Vi håpar dei lærer litt av dette òg. Vi lærer i alle fall masse, seier Lindbäck.
Og etter ein halvtimes pause var det studentane ved Høgskulen i Volda sin tur til å høyre på metoden til Supernytt.
Dei fekk høyre ein litt meir utdjupande versjon, men fekk på same måte som femteklassingane moglegheit til å starte det heile med BlimE-dansen:
Snakka om Charlie Kirk
Supernytt vitjar jamnleg klasser der dei spør skuleelevar spørsmål dei har laga sjølve. Dette for å få eit innblikk i barna sitt syn på aktuelle nyheiter. Denne gongen var det Velle skule i Ørsta som fekk besøk.
– Supernytt skal vere ein miks av nyheiter som er aktuelle og som barn er veldig opptekne av. I dag har vi til dømes snakka om situasjonen rundt drapet Charlie Kirk. Vi snakka òg om mellom anna VM i fotball, ytringsfridom, skjermtid og K-pop, seier Lindbäck.
Dette er ein viktig metode for å lage nyheiter som det er viktig at dei veit om, samstundes som ein skal lage nyheiter om tema ein veit barn er opptekne av, fortel dei.
– Filosofien til Supernytt er at ein kan snakke med barn om alt, men ein må snakke om det på den rette måten, seier Ranvås.
