
35 år som songlærar
Oline Løvlid har lært bort folkesong i over tredve år. Ho har hatt mange elevar. No vurderer ho å gje seg med undervisninga.
HORNINDAL: – Det skal vere hyggeleg og sosialt å vere på øving, seier Oline Løvlid.

Ho er folkesongar frå Hornindal og underviser små og store ungar. Øvinga startar med song. Ungane øver både saman og aleine. Neste gong dei skal på scena er på kappleik i Ørsta 9.mars.
Løvlid har alltid lagt vekt på at ungane skal lære seg å opptre. Ho meiner det er ein styrke. Dei lærer å stole på seg sjølv.
Ungane lærer å snakke i mikrofon og synge for andre. Løvlid meiner det fungerer veldig bra. Ho fortel at ungar så små som to år gamle syng solo.
Foreldra er med ungane på øving, noko folkesongaren meiner er bra.
– Dei er med ungane sine, og ser kva dei gjer og lærer, fortel Løvlid.
Øvinga er ein god blanding av song og dans. Løvlid meiner det er bra at ungane får danse ilag.

Løvlid serverar mat kvar øving. Alt av mat, læremateriale og sjølve undervisninga er gratis.
– Eg vil at alle skal få tilbodet. Foreldra betaler berre kontingent til spelemannslaget, for at eg skal kunne søke om midlar til å drive. Eg har ikkje løn sjølv, fortel Løvlid.
Fantastisk kunnskapskjelde
Folkesongaren har samla inn mykje materiale.
– Eg veit ikkje kor mange heimar eg har vore i og gjort opptak. Men det er ganske mange tusen melodiar, tekster og historiene rundt ikkje minst, fortel Løvlid.
Ho lærer seg songane sjølv, før ho lærer det vidare til elevane sine.
Løvlid fortel at ho alltid prøver å finne songar som høyrer til familiane til dei ho underviser. Ho leiter fram stoff ho har samla i den bygda ho underviser i, så dei får lære sitt eige stoff.
Folkesongaren meiner det er viktig å vare på historia rundt. Ho fortel at songane inneheld mykje lokalhistorie, dialektord og uttrykk.
– Det er ein fantastisk kunnskapskjelde desse små songane, fortel Løvlid.
Løvlid har hatt mange elevar opp igjennom åra. Ho meiner det er viktig at materiale ho har samla inn vert nytta. Elles blir det berre liggande.
Løvlid fortel at dei tidlegare elevane som no er rundt 30-40 år tek med seg ungane på øving. Nyleg hadde ho besøk av ein tidlegare elev som trengte tekstar fordi han ville synge til ungane sine.
– Så dei har jo lyst til at dei skal lære, meiner Løvlid.
Vanskeleg å gje seg
Løvlid har halde på med songundervisning i 35 år. Folkesongaren fortel at ho har tenkt mykje på om ho skal gje seg med songundervisninga. Ho syns det er ei vanskeleg avgjerd.
Det kan hende nokon tek over etter henne, men det er usikkert. Løvlid fortel at det ikkje er nokon som vil drive undervisning slik ho gjer no.
– For meg så er det jo blitt ein livsstil da. Eg syns det er veldig vanskeleg å legge vekk.
Ho syntest det er bra å få lære ungane å få denne sjølvtilliten. Dei lærer noko dei kan vere stolte av.
– Det er i grunn det eg legg vekt på. At dei skal være stolte av seg sjølv, seier Løvlid.
Ho er tydeleg på at det ligg veldig mykje arbeid bak undervisninga. Løvlid lagar alt av læremateriale sjølv. Det har ho alltid gjort. Ho gir elevane perm til å samle på tekstane dei lærer. Så dei ikkje brettar dei og har dei ned i lomma, men tar vare på tekstane.
– For meg ligg det mykje arbeid bak, og eg vil at dei skal ta det seriøst, sSSeier Løvlid.
Folkesongaren fortel at det er veldig mykje av songmaterialet som er dokumentert no, som ikkje var dokumentert før. Det er lettare tilgjengeleg for dei som vil nytte det. Løvlid meiner det kan sørge for at songane ikkje blir gløymd, etter ho gjev seg med undervisning.
– Eg håpar jo at det vil leve vidare, fortel Løvlid.
Høyr ungane synge her: