– Eg snakkar for dei som ikkje får snakke
Medan Muhaida Aboo (32) prøver å byggje eit nytt liv i Volda, lever menneska ho saknar, midt i krigen i Sudan. No vil ho vere ei stemme for dei som ikkje sjølve blir høyrde.
I Nyala i Darfur, Sudan, stod dørene alltid opne. Barn leika mellom husa, medan dyr beita i nærleiken. Familie, religion og samlingar var ein viktig del av kvardagen.
Muhaida Aboo vaks opp i Nyala saman med mor, far, syster og bror. Ho skildrar heimlandet som eit samfunn der fellesskapet stod sterkt, og der menneska tok vare på kvarandre. Det var ikkje vanleg at kvinner arbeidde utanfor heimen. I staden passa Muhaida, mora og systera på barn og eldre som trong omsorg.
– Vi hadde eit godt liv. Vi passar barna til kvarandre, naboane og dei eldre, og gir kvarandre omsorg.
Familien tok mellom anna vare på fire jenter som hadde mista foreldra sine. Dei hadde ikkje råd til å gå på skule, så systera til Muhaida lærte dei alfabetet, å lese og å skrive. Etter kvart vart jentene ein del av familien.
Det sterke fellesskapet er noko av det Muhaida saknar mest frå heimlandet. Men livet ho kjende, skulle bli rive frå henne.
Muhaida har mista både faren og broren sin. Ho fortel ikkje kva som skjedde med dei, men tapet er ein del av historia hennar. I 2018 såg ho og systera seg nøydde til å flykte frå Sudan.
Dei reiste til Libya, der dei vart buande i tre år. Sjølv om Muhaida hadde kome seg bort frå heimlandet, var krigen framleis nær. Mora vart verande i Sudan og fortalde på telefonen om bombefly som flaug over heimstaden, og hus som vart råka.
– Mamma fortalde om lyden frå bombeflya og husa som vart trefte. Huset hennar vart også råka, men heldigvis overlevde ho.
Fleire av naboane døydde. Det var vondt for Muhaida å høyre om øydeleggingane og menneska som framleis levde i frykt.
– Ein blir gal av å sjå øydeleggingane og høyre om alle menneska som døyr. Dei som er igjen i Sudan, er dei som ikkje kjem seg vekk derfrå.
I Libya mangla systrene papir og fekk ikkje tilgang til skule slik dei ønskte. Likevel heldt dei fram med å ta vare på barn og hjelpe andre, slik dei hadde gjort heime.
Etter tre år kom beskjeden dei hadde venta på. Dei skulle få reise til Noreg.
FN og Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) hjelpte dei med papirarbeidet. Muhaida visste lite om landet dei skulle til. Det viktigaste var å kome til ein trygg stad.
– Eg følte at eg var fødd på ny. Vi skulle dra frå det vanskelege livet og til eit trygt land. Det var nok for oss.
Den 2. desember 2021 tok Muhaida og systera farvel med Libya. Dagen etter, klokka 22, landa dei på Ørsta–Volda lufthamn. Det var desember, og snøen hadde lagt eit kvitt teppe over landskapet.
– Då vi såg ut av vindauget, var det heilt kvitt rundt oss. Det var ei stor overrasking.
Det var ikkje berre snøen og det kalde klimaet som var nytt. I Volda måtte Muhaida lære eit nytt språk, ta utdanning og finne sin plass i samfunnet.
– Dei som kjem til eit nytt land, må starte heilt på nytt. Dei har mista alt, familien, identiteten og alt dei hadde bygd opp, seier Muhaida.
Dei første månadene var prega av koronapandemien. Samfunnet var stengt ned, og systrene heldt seg mykje heime. Etter kvart byrja dei på norskkurs og tok fag frå grunnskulen.
I dag arbeider Muhaida mot fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Ho har vore i praksis og vikariert i barnehage. Der har ho fått høve til å bruke erfaringane sine og samstundes lære meir norsk.
Muhaida smiler når ho snakkar om barna i barnehagen. Ho meiner dei har mykje å lære av kvarandre.
– Barna lærer meg norsk, medan eg lærer dei om andre kulturar og land.
Ho trekkjer også fram støtta frå lærarane og rådgjevarane ved Volda læringssenter. Dei har hjelpt henne med å finne seg til rette og kome vidare i det nye samfunnet.
– Tusen takk til Noreg, som har gitt oss ein stor sjanse til å byrje eit nytt liv. Sjølv om det er vanskeleg, kjem vi oss vidare.
Sjølv om Muhaida har starta eit nytt liv i Noreg, er avstanden til heimlandet meir enn dei om lag 6000 kilometrane i luftlinje mellom Volda og Sudan. Tankane hennar er framleis hos familien og menneska som lever midt i krigen.
Mora bur no i Egypt. Det er sju år sidan Muhaida sist såg henne. Dei held kontakten på telefon, og Muhaida ringjer så ofte ho kan.
Ho saknar også kulturen ho vaks opp med. I Sudan var dørene opne, og naboar og familiar delte måltid og hjelpte kvarandre når nokon trong det. Det var eit fellesskap ho kunne stole på, og som ho framleis ber med seg.
Muhaida ønskjer at fleire skal forstå kor krevjande det er å starte eit nytt liv i eit framandt land. Ein må lære eit nytt språk og tilpasse seg ein ny kultur, samstundes som ein ber med seg saknet etter menneska og livet ein har forlate.
For henne handlar det likevel om meir enn hennar eiga historie. Ho vil også fortelje om dei som ikkje sjølve får høve til å bli høyrde.
Medan Muhaida prøver å byggje ein ny kvardag i Volda, held krigen fram i Sudan. Ho fortel om bomber, svolt og sjukdom, og om menneske som manglar tilgang til medisinar og tryggleik.
– Folk døyr i Sudan kvar dag. Eg håpar at verda snakkar om det som skjer i Sudan. Vi får ikkje den hjelpa vi treng.
For Muhaida er ikkje krigen berre eit spørsmål om politikk eller internasjonale nyheiter. Han handlar om menneske ho kjenner, og eit heimland ho framleis føler sterk tilhøyrsle til.
– Problema deira blir mine problem. Eg snakkar for dei som ikkje får moglegheita til å snakke, dei som blir drepne om dei uttalar seg, og for dei som døydde.
Likevel held ho fast ved håpet om at det ein dag skal bli fred.
– Vi har tru på at det kan bli fred i Sudan. Alt som har ein begynnelse, har også ein slutt.
Ho veit at kvar dag med krig kostar menneskeliv, og at mange kanskje aldri får oppleve freden dei håpar på.
– Sudan fortener ein sjanse til å få fred. Alle menneske fortener tryggleik og retten til å bu i eit trygt land.