
Ålesundkunstnar med utstilling i Ulsteinvik
Fredrik Wiig Sørensen har vorte eit heitt namn etter at eitt av kunstverka hans vart brukt som plateomslag på Girl in Red sitt nye album. Fram til 2. april kan du oppleve kunsten hans i Ulsteinvik.
ULSTEINVIK: – Ein lagar jo ikkje berre kunst for seg sjølv, men fyrst og fremst lagar eg ting som eg vil sjå, og som eg tykkjer er interessant. Og så får eg berre håpe at andre tykkjer det same, fortel kunstnaren frå Ålesund.

Ulstein Kunstlag opna 17. mars ei utstilling med 13 av bileta hans. Leiar ved Ulstein kunstlag, Monika Vermeer, er nøgd med å få stille ut kunsten hans.
– Det han jobber med er noko heilt annleis enn dei fleste jobbar med. Å gå ein heilt annan veg, det tykkjer eg er kult. Han er òg veldig oppteken av å jobbe med farger, og det tykkjer eg, personleg, er veldig interessant, fortel ho.
Girl in Red kjøpte kunstverk
Etter at indie-artisten Girl in Red frå Horten kjøpte maleriet The Antizero for å bruke som albumcover på den nye plata si, er det mange nye som har fått opp auga for kunstnaren.

– Eg har fått veldig mange unge følgjarar på Instagram. Dei sender meg bilete og skriv til meg veldig mykje, og dei held meg gjerne oppdatert om det skjer noko der eg blir nemnd, fortel han.
Han tykkjer det er gøy å nå ut til ei ny gruppe folk enn han gjorde før. Sjølv om han produserer mest for seg sjølv, meiner han at det er viktig å nå ut til folk.
– Det er ikkje sånn veldig vanskeleg, kryptisk kunst, der det berre er ei kjerne som forstår det.
– Ein av vår tids beste kunstnarar
Til stades på opninga, var mellom anna Kristin og Per Inge Sunde frå Spjelkavika. Dei er store tilhengarar av Wiig Sørensen, og var der for å kjøpe eit bilete av han.
– Kunsten hans er spanande, og han er veldig flink teknisk. Han er ein av vår tids beste kunstnarar. Han har ei særeigenheit som er veldig spesiell. Han blir nok hugsa i mange år i framtida, meiner Per Inge.
Paret har følgd han i lang tid.
– Han har utvikla kunsten sin noko enormt. Han har hatt veldig varierande uttrykk, og endra seg heile tida. Eg likar veldig godt dit han er komen i dag, fortel Kristin.
Fredrik Wiig Sørensen har kunstutdanning frå Ålesund Kunstfagskole, og tok ein bachelorgrad i filosofi nokre år seinare. Filosofigraden har påverka kunsten hans veldig, ifølgje han sjølv.
– Eg hadde eit heilt anna kunstnerisk uttrykk før, og medan, eg studerte filosofi. Etter eg var ferdig med graden, så skifta det heilt om, fortel han.
Ikkje berre det kunstneriske uttrykket hans, men òg haldninga hans til kunst har òg endra seg med filosofiutdanninga.
– No har eg det meir gøy når eg jobbar. Ein kan jo knytte alt til veldig store filosofiske tanker òg, men det blir på ein måte meir overordna. Det blir på ein måte berre ein del av heile haldninga mi til kunst og maleri og sånne ting. Så får berre bileta stå for seg sjølv.
Utstillinga kan opplevast på AMFI Ulsteinvik torsdagar, fredagar og laurdagar fram til 2. april.