Alma (6) undersøker en Kremle.

Alle sansar i sving på soppens dag

Det er haust, og høgsesong for matsopp. Både soppentusiastar og nybyrjarar møtte opp på Aasentunet søndag då Sunnmøre sopp- og nyttevekstforeining arrangerte Soppens dag.

Publisert Sist oppdatert
Elisabeth Bråthen Fjeld og en blodsopp.. Tror vi...

HOVDEBYGDA: Sopp kan bli til så mykje godt – frå krema soppsuppe og omelett, til krydder og soppsoya. Men det kan òg gå skikkeleg gale. 

– Nyretransplantasjon, dialyse resten av livet, uhelbredeleg leverskade. I enkelte tilfelle berre oppkast og diarè, seier Elisabeth Bråthen Fjeld. Ho er soppsakkyndig og ein av arrangørane av soppens dag.

Ho oppmodar alle til å plukke ulike sopparter i forskjellige beholdarar, og å få fangsten kontrollert, anten på ein fysisk soppkontroll eller digitalt.

Sol, suppe.. og litt skepsis

Trass i kor gale det kan gå om ein får i seg feil sopp, er stemninga lett og god denne søndagen. Sola skin, temperaturen er deilig, og folk i alle aldrar har møtt opp for å lære meir.

– Eg likar ikkje at du sit slik, seier Jostein Sætre med eit lurt smil til kona si, Inger Johanne Sætre. Han rekk fram sitjeunderlaget han har vore og henta i bilen.

Saman sit dei varmt og godt i haustsola, med utsikt mot engasjerte soppeentusiastar som samlar, utforskar og deler kunnskap om sopp. Sjølve er dei nøgde med å vere tilskodarar.

Inger Johanne og Jostein Sætre nyt suppe i sola.

– Eg var litt skeptisk til sopp. Det er ikkje alle som ser like appetittlege ut. Men dottera mi er veldig interessert, så då har vi blitt litt meir opne, seier Jostein.

Dottera deira, Ragnhild Sætre, oppdaga soppinteressa i sin eigen hage. Der voks det nemleg kantarell. Då ho seinare vart med i ei turgruppe og fekk tips om korleis ho kunne tilberede soppen, opna det seg ei ny verd på kjøkkenet.

Ragnhild Sætre fann soppinteressen i eiga hage.

– Ein kan for eksempel tørke han og bruke han som krydder. Sopp er jo gratis mat frå naturen, fortel Ragnhild entusiastisk.

Sopp er jo gratis mat frå naturen. 

Ikkje berre mat

For Ragnhild er det ikkje berre maten som freistar. Soppjakta er eit høgdepunkt i seg sjølv.

– Soppen likar seg i fuktig terreng, der ikkje så mange har gått. Der ein kan få spindelvev i ansiktet. Det likar eg, seier ho med eit smil.

Mora Inger Johanne legg til: 

– Og det er så fint at ein kan få med barna på slike ting!

Ho kikkar bort på Alma Najdorf (6) og Paz Najdorf (8) som sit og utforskar sopp med fargerike forstørringsglas.

Alma og Paz er djupt inni soppuniverset!

Soppsansane må på

Sansane må verkeleg takast i bruk for å identifisere sopp: ein må sjå, kjenne, lukte og smake. Melsopp, til dømes, luktar vaffelrøre. Ein giftig flugesopp kan vere raud med kvite prikkar. Og ein kremle må ein faktisk smake på for å identifisere. Men då skal ein vere rimeleg sikker.

– Denne må eg smake på, seier Paz.

Tør du det altså?

– Ja, det må eg for å vite at det er kremle. Og så har mamma sagt at det er det då …

Powered by Labrador CMS