LIVSNERVA PÅ SUNNMØRE: Eiksundtunnelen bind regionen saman

Eiksundtunnelen må oppgraderast før 2050

Eiksundtunnelen er avgjerande for kvardagen på søre Sunnmøre, men hyppige stengingar og nye tryggleikskrav gjer at store oppgraderingar no må på plass innan 2050.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: Eiksundtunnelen er ein av dei djupaste og brattaste undersjøiske tunnelane i verda – og heilt avgjerande for trafikken på søre Sunnmøre. Samtidig skaper hyppige stengingar frustrasjon blant folk, og nye krav gjer at tunnelen må oppgraderast innan 2050.

– Tunnelen er livsnerva vår. Når den stenger, så stoppar alt opp, seier ordførar Sølvi Dimmen.

ORDFØRAR: Ordførar Sølvi Dimmen meiner Eiksundtunnelen er heilt avgjerande for regionen, men erkjenner at stengingar skapar utfordringar i kvardagen.

Einaste veg – og ofte stengt

Eiksundtunnelen bind saman Volda med Ulsteinvik og resten av ytre søre Sunnmøre. I praksis finst det få reelle alternativ når tunnelen stenger.

– Når den er stengt, så er den stengt. Då kjem du deg ikkje fram, seier Dimmen.

Ho peikar på at stengingane som regel er korte, men likevel merkbare i kvardagen.

– Det skapar uregelmessigheit. Folk kjem for seint, og ting stoppar opp, seier ho.

Bratt tunnel gir utfordringar

Tunnelen, som opna i 2008, er over 7 kilometer lang og går nesten 300 meter under havet. Med stigning mellom åtte og ti prosent er den blant dei brattaste i sitt slag.

Eiksundtunnelen er ein viktig innfartsveg til regionen og bind saman lokalsamfunn på søre Sunnmøre.

Geir Martin Larsen, tunnelforvaltar og brannvernleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, forklarer at dette gir særlege utfordringar:

– Det er ein bratt og djup tunnel. Slike tunnelar har høgare risiko for branntilløp, særleg for tunge køyretøy, seier han. 

AUKA RISIKO: Geir Martin Larsen har ansvar for tryggleik og drift i fylkestunnelane, og peikar på at stigning gir auka risiko i Eiksundtunnelen.

Han viser til analysar som dokumenterer at bratte tunnelar har større risiko for varmegang og tekniske problem.

– Vi ser mest utfordringar med lastebilar, men det gjeld også personbilar i nokre tilfelle, seier Larsen.

Mange stengingar – men ofte ikkje farleg

Sjølv om tunnelen stundom er stengt, er det sjeldan snakk om alvorlege hendingar.

– Det er veldig få stengingar på grunn av brann. Dei fleste kjem av tekniske problem med køyretøy eller at noko må sjekkast, forklarer Larsen.

Han peikar på at manglande kameraovervaking gjer at tunnelen ofte må stengast for å avklare situasjonen.

– Når vi ikkje ser kva som skjer inne i tunnelen, må vi stenge for å vere på den sikre sida, seier han.

Samtidig understrekar han at tunnelen er trygg:

– Det er faktisk dokumentert at det er tryggare å køyre i tunnel enn på open veg, men konsekvensane kan vere større dersom noko først skjer, seier Larsen.

Vil bli både tryggare og mindre stengt

No ligg det planar for oppgradering av tunnelen.

MØRKT: Mørke parti i tunnelen kan bli betre opplyst når oppgraderinga kjem på plass.

Kristian Høie Næsheim, prosjektleiar for tunneloppgraderingar i fylket, seier at eitt av dei viktigaste tiltaka er betre overvaking:

BETRE OVERVÅKING: Prosjektleiar Kristian Høie Næsheim jobbar med planane for oppgradering av Eiksundtunnelen, der betre overvaking er eitt av hovudtiltaka.

– Vi planlegg å installere såkalla AID-kamera (Automatic Incident Detection), som automatisk oppdagar hendingar i tunnelen og varslar med ein gong, seier han.

Desse kamera bruker programvare til å registrere unormale situasjonar, som stansa køyretøy, røyk eller andre avvik, og sender automatisk varsel til trafikkstyringa.

Dette kan redusere unødvendige stengingar: 

– I dag må tunnelen ofte stengast medan nokon køyrer inn for å sjekke. Med slike kamera kan vi sjå med ein gong kva som skjer, og halde open der det er trygt, forklarer Næsheim.

Han meiner dette vil gi både betre tryggleik og meir stabil drift.

– Det vil gjere tunnelen både tryggare og meir effektiv, seier han.

EU-krav pressar fram oppgradering

HØG SIKKERHEIT: Nødstasjonane i tunnelen gir trafikantar moglegheit til å varsle og få hjelp ved hendingar. Å opne eit slikt skap fører til at tunnelen blir stengt.

Bakgrunnen for oppgraderinga er også nye krav til tunnelsikkerheit gjennom EØS-regelverket.

– Tunnelane skal vere oppgraderte innan 2040, med mogleg utsetjing til 2050 for fylke med mange tunnelar, forklarer Larsen.

Oppgraderingane omfattar mellom anna:

- Betre belysning

- Nødutstyr og kommunikasjon

- Overvaking med AID-kamera

- Tiltak for trygg evakuering

Men økonomi er ei utfordring.

– Det er ikkje midlar til å gjere alt på ein gong, så vi må prioritere dei tiltaka som gir størst effekt på tryggleiken, seier Larsen.

– Ein heilt annan region enn før

BRATT: Eiksundtunnelen er blant dei brattaste i Europa

Sjølv om tunnelen har utfordringar, er ordføraren tydeleg på at den har hatt enorm betydning for regionen.

– Vi har blitt ein heilt annan bu- og arbeidsmarknadsregion etter tunnelen kom. Det er ei enorm utvikling, seier Dimmen.

Ho avviser også kritikk om at tunnelen ikkje har vore lønnsam. 

– Det er heilt feil. Før gjekk det berre nokre hundre bilar med ferje. No er det fleire tusen dagleg. Verdien av det kan ikkje berre målast i pengar, seier ho.

Må leve med stenging – enn så lenge

Sjølv om frustrasjonen finst, meiner ordføraren at folk må rekne med nokre stengingar.

– Den er stengt fordi den skal vere trygg. Det er viktigast, seier Dimmen. 

Framover ventar oppgraderingar som kan betre situasjonen – men det vil ta tid.

– Vi må ha ein tunnel som er både trygg og driftsikker. Det er heilt avgjerande for regionen vår, seier ho.

Powered by Labrador CMS