Eit liv med låve og litteratur
På eit lite gardsbruk i ein stille sunnmørsdal lever og skriv forfattarparet Hilde Myklebust og Martin Baldysz. Her, omringa av fjell, vatn og vêr, blir det forma både poesi og krim – side om side.
VANYLVEN: No får Baldysz særleg merksemd for si nyaste bok: hans første krimroman, som markerer starten på ein planlagt trilogi.
– Eg tenkte at kanskje eg skulle skriva ein faktisk krim – med ei forklaring, seier han.
Fann inspirasjon til krim - og trefte blink
Ideen til krimsatsinga kom etter ein invitasjon til ein litteraturfestival i Ålesund, der Baldysz var med på ein krimkveld – utan eigentleg å ha skrive krim.
– Den førre romanen min hadde krimelement, men ein open slutt. Det var mange som las den som krim, men som vart litt skuffa over at det ikkje kom noka løysing, fortel han.
Det vart startskotet for noko nytt.
Den ferske krimromanen er første bok i ein planlagt trilogi, og handlinga er lagt til Sunnmøre – med Ålesund som sentrum, før historiene bevegar seg ut i nærliggjande bygder og dalar.
Boka har fått svært god mottaking, og vart mellom anna trekt fram av Adresseavisa som ei av dei beste krimbøkene i 2025.
Baldysz tek suksessen med ei viss ro:
– Det er jo veldig kjekt. Det er ikkje sånn at ein nødvendigvis får den merksemda ein fortener, sjølv om ein skriv ei god bok. Så det å faktisk få det – det er veldig, veldig kjekt.
Frå storby til dalføre
For 14 år sidan flytta Baldysz frå Oslo til den vesle dalen der han no bur.
– Det er jo ein kraftig overgang å flytta frå Noregs største by til Noregs minste dal, nesten, seier han.
Overgangen innebar eit heilt nytt liv – med mindre støy, færre folk og tettare kontakt med naturen. Likevel meiner han ikkje at stilla gjer det lettare å skriva.
– Det skjer jo mykje på ein gard òg. Liv og død, arbeid og ansvar. På nokre måtar er det nesten meir som skjer her enn i ein by.
Sterk tilknyting til heimstaden
For sambuar Hilde Myklebust er staden noko heilt anna enn eit nytt val – det er heime.
– Dette er heimgarden min, her eg vaks opp.
Ho har alltid visst at ho ville tilbake.
– Eg har alltid hatt veldig djupe røter her. Det er noko med naturen og det å driva gard som gir ei ekstra tilknyting.
I forfattarskapen hennar er denne tilknytinga tydeleg. Dei første diktsamlingane hennar tek utgangspunkt i gardslivet og landskapet rundt.
– Dei handlar mykje om forgjengelegdom, fortid og røter – det som var før oss, og det som skal komma etter oss.
To forfattarar - éin skrivefellesskap
Sjølv om dei skriv i ulike sjangrar – Myklebust med lyrikk og Baldysz med mellom anna krim – deler dei ein felles grunn i skrivinga.
– Eg trur kanskje det er ein poetisk grunntone i oss begge, seier Myklebust.
Kvardagen som to forfattarar under same tak blir beskriven som både praktisk og inspirerande.
– Det er som eit lite skrivekollektiv. Me les tekstane til kvarandre og snakkar mykje om prosjekt, seier ho.
Baldysz trekkjer også fram forståinga dei har for den andre sitt arbeid:
– Du treng ikkje forklara deg når du er i ein deadline. Den andre skjønner det.
Arbeidsdagen skal gjerast unna på loftet, der begge har kvar sin skriveplass.
Myklebust sit med utsikt over dalen og vatna.
– Eg liker å kunna følgja med på det som skjer ute – skyene, fuglane. Eg søkjer litt utover når eg skriv.
Baldysz sit på motsett side, omgitt av notat og karakterarbeid – ofte med veggane fulle av visuelle skisser til nye bøker.
Naturen som råstoff
For begge er naturen ein viktig del av skriveprosessen – anten direkte eller meir ubevisst.
– Du lever på ein måte i naturen her, seier Baldysz, og beskriv korleis landskap og stader blir til eit slags indre kart i bøkene hans.
Sjølv om historiene ikkje nødvendigvis går føre seg på éin konkret stad, hentar han element frå omgivnadene rundt seg.
– Det blir som eit lappeteppe av stader eg kjenner.
Trass i roa i dalen, er dei samde om at livet på garden gir rikeleg med materiale.
Her finnes både stille og dramatikk – og eit tett møte med syklusane til naturen.
Resultatet er ein forfattarskap som spring ut av staden dei lever i – og som no også får nasjonal merksemd.
Med ein kritikarrost krimdebut og to nye bøker på veg i trilogien, ligg alt til rette for at fleire lesarar snart vil finna vegen til den vesle dalen – gjennom litteraturen.