
Alvorleg ulukke i tunnel
Det er meld om ei trafikkulukke i Rotsethorntunnelen, klokka 21:30 i kveld.
VOLDA: Politiet melder om ei ulukke i Rotsethorntunnelen i Volda. Både politi og brannvesen er på staden.
Ein person skal vere involvert i ulukka.
VIDEO: Sebastian Lerpold
– Ulukka skal ha skjedd rundt to kilometer inne i tunnelen, fortel innsatsleiar Odd-Arne Brynjulfsen.

Mannskap frå alle naudetatane er sendt ut. Det er snakk om ei svært alvorleg ulukke, med stor skade på bil og infrastruktur..
Brannvesenet er no inne i tunnelen og arbeidar på ulukkesstaden.
– Det er meldt om røykutvikling og gassar inne i tunnelen. Det har gjort til at vi i politiet ikkje får tilgang til tunnelen.
Det er Ikkje meld om flammer
Tunnelen kjem til å vere stengt heile natta. Ifølgje Statens vegvesen blir det arbeida med å sikre omkøyringsruter. Fergesambandet Volda-Folkestad vil òg gå utover natta.
