Bokmannen fyller 16 år: – Uten nerden stopper verden
Geir Hovind Frøysedal har brukt 16 år på å byggje opp ein av Noregs største bruktbokhandlar. Sjølv har han lese fem bøker denne veka – og det er berre tysdag.
VOLDA: Måndag 7. september kunne den Norgeskjende Bokmannen feire 16 år.
Mannen bak den nest største bokhandelen i Noreg er Geir Hovind Frøysedal. Lidenskapen for bøker fekk han allereie på vidaregåande skule.
– Eg starta berre å lese og vart fascinert. Så starta eg å kjøpe og samle på bøker.
Interessa har tydelegvis halde seg. Frøysedal kan nemleg avsløre at han allereie har lese fem bøker denne veka, sjølv om det berre er tysdag.
Frå 200 til nesten 300 000 bøker
Frøysedal er opphavleg frå Stryn og starta Bokmannen saman med ein kompis då han studerte i Volda i 2010. Sidan har han blitt verande i bygda.
– No har eg sonen og bokhandelen min her. Eg trivst godt i Volda.
Då bruktbokhandelen opna, bestod samlinga av 200 bøker frå hans eiga bokhylle. I dag har ho vakse til heile 287 219 bøker. Frøysedal meiner han kunne ha bikka 300 000 for lenge sidan, men mangel på plass gjer at grensa førebels ikkje kan passere.
Det merkar ein raskt når ein tek turen i butikken i Storgata. Her står bøkene tett i tett frå golv til tak, og det kan vere ei utfordring å ta seg fram mellom hyllene. Likevel ser ikkje den store mengda ut til å skremme dei mange besøkande.
Slik får han butikken til å gå rundt
Sjølv om bokhandelen har vakse kraftig sidan starten, har det ikkje alltid vore enkelt å få økonomien til å gå rundt. Frøysedal fortel at han i periodar har hatt andre jobbar ved sida av.
– I starten var det ganske vanskeleg. Det er ikkje noko du blir rik på, sånn sett.
Den største utgifta er husleiga. Fram til no har nesten alt salet skjedd i den fysiske butikken, men nyleg har han også byrja å selje bøker på nett og gjennom auksjonar.
– Eg er avhengig av kundar. Ein veit ikkje i dag kva som skjer i morgon. Det vil alltid ligge over deg, og det må du leve med når du driv for deg sjølv.
Likevel har han halde fram i 16 år. Han meiner engasjementet for butikken og støtta frå kundane har vore avgjerande.
– Eg har fått mykje hjelp og hatt gode kundar.
Ein viktig kunde gjennom åra
Ein av dei som har blitt godt kjend med Bokmannen gjennom åra, er Gunnar Strøm. Han er innom butikken minst éin gong i veka og anslår at han har kjøpt rundt 50 bøker hos Frøysedal. Han meiner Bokmannen tilfører Volda sentrum noko det elles manglar.
– Han representerer noko eg skulle ønskje det var meir av i Volda. Det er denne litt spesielle typen butikk som ein ofte finn i studentbyar andre stader.
Strøm mener Bokmannen er med på å gjere Volda sentrum meir levande og er eit avgjerande samlingspunkt for bygdas nerder.
– Det er ein unik butikk, og vi er mange nerdar i verda. "Uten nerden stopper verden". Geir er eit godt døme på det. Vi treng sånne som han, som legg heile sjela si i det dei er interesserte i.
Merkar konkurransen frå skjermane
Sjølv om bruktbokhandelen har halde stand i 16 år, har konkurransen frå skjermane vore merkbar.
– I starten, då nettbretta kom, kunne eg merke ein forskjell på salet av bøker. Men det er alltid nokon som vel bøker framfor skjerm, og no merkar eg at det blir fleire og fleire av dei.
Dei fleste som kjem innom, er på jakt etter lokalhistorie eller krim. For dei som ikkje heilt veit kva dei skal velje, har Frøysedal laga ein eigen vegg med dei 20 mest populære bøkene.
Har ingen klar favoritt
Med så mange bøker i samlinga skulle ein kanskje tru at det var enkelt for ein bokentusiast å peike ut ein favoritt. Slik er det ikkje.
– Opp gjennom har eg lese mykje Bjørnebo, men det blir feil av meg å ikkje nemne Dag Solstad. Han har alltid vore ein favoritt. Boka «160741» har gjort ekstra inntrykk.
Leselysta ser ikkje ut til å forsvinne med det første. Frøysedal held fram med å lese, samle og selje bøker.