NYSIGNERINGER I DUELL: Hødds nysignering Charles Ondo er ein av fleire nye fjes på Høddevoll. Her i duell med Kasper Reme Abrahamsen

Nysigneringen avviser Yamal-rykta

Charles Ondo har allereie rukke å få eit godt førsteinntrykk av Hødd og Sunnmøre. No håpar den allsidige forsvarsspelaren å bidra i jakta på opprykk.

Publisert Sist oppdatert

ULSTEINVIK: Charels Ondo har og fått mykje merksemd etter at han kom til Hødd.

Det har nemleg oppstått eit rykte om at han er i familie med Barcelona-stjerno Lamine Yamal. Det avviser Ondo.

– Nei, vi er ikkje søskenbarn. Vi er svært nære familievenner, og det er det.

Han trur rykta først oppstod etter at han var til stades under EM-finalen i 2024 saman med Yamals familie og vener.

– Eg veit ikkje om ein journalist såg meg der. Første gong eg såg det, var faktisk på Wikipedia for rundt to år sidan. No når eg kom hit, har det tydeligvis dukka opp igjen.

Ondo stadfestar samstundes at han kjenner Yamal godt.

– Ja, sjølvsagt. Han er ein veldig nær familieven.

På spørsmålet om når Lamine Yamal dukker opp på Høddvoll ynskjer han ikkje utelukke noko

– Ein kan aldri sei aldri, seier han med eit glimt i øyet 

NÆRE VENER: – Han er ein veldig nær familieven, seier Charles Ondo om VM-helt Lamine Yamal, og avviser at dei to er i slekt.

På plass i Ullsteinvik 

Det er berre to dagar sidan Charles Ondo kom til Hødd, men 22-åringen føler allereie at han er ein del av familien.

– Alle spelarane har hjulpet meg. Dei kommuniserer mykje og seier alltid at eg må seie frå dersom eg treng noko. Eg føler allereie at eg er ein del av familien, og det har berre gått to dagar, fortel Ondo. 

Den spanskfødde forsvarsspelaren kjem til Hødd frå amerikanske Portland Timbers og har og ei fortid i engelsk fotball. No ventar ein ny utfordring på Sunnmøre.

– Eg er klar til å jobbe 

Ondo fortel at han er takknemleg for moglegheita til å kome til Hødd.

– Det er sjølvsagt ei endring å kome frå Amerika og Portland Timbers, men eg har kome hit med rett innstilling. Vi har ti kampar igjen, og vi gjer det betre enn førre sesong. At trenaren ser på meg som ein spelar som kan forbetre laget og hjelpe dei mot slutten av sesongen, er ei god kjensle. Så eg er klar til å jobbe.

For Ondo var fleire faktorar viktige då han skulle bestemme seg for klubbytte.

– Når det kjem til overgangar, er det mange faktorar som spelar inn. Det er ei tid framover som du ikkje kjenner, så du vil ikkje signere for noko du ikkje veit så mykje om. Du må vere sikker på at det er rett.

– Det kjennest ikkje ekte

Den første tida på Sunnmøre har gitt Ondo eit sterkt møte med norsk natur.

– Det er veldig annleis. Då eg først kom inn i leilegheita og såg den fantastiske utsikta, kunne eg berre stirre ut og tenkje at dette ikkje kjennest ekte. Det er heilt utruleg. Veret har også vore på vår side så langt, så ein kan ikkje klage. Folk seier eg ikke bør bli vand med det. 

Ein fysisk spelar

På bana skildrar Ondo seg sjølv som ein hardtarbeidande og fysisk spelar.

– Eg vil seie at eg er atletisk og robust. Eg likar duellar, både offensivt og defensivt. Eg er rask og har god teknikk, men eg er først og fremst ein hardtarbeidande spelar.

Ondo kan bekle fleire roller i forsvaret.

– Eg spelar midtstoppar eller venstreback. Som back likar eg å overlappe og bidra med høgt tempo og stor kraft langs sida.

Det meiner han kan kome godt med i norsk fotball.

– Spesielt når eg kjem inn i ein meir fysisk liga, føler eg at det passar meg godt.

GODE FORUTSETNINGER: Ondo sine ferdigheitar gjer han godt egna for den norsk førstedivisjonen

Frå Millwall til USA

Ondo vart fødd i Spania, men flytta tidleg til England. Der fekk han grunnlaget for karrieren.

– England er på ein måte basen for karrieren min. Eg var i Millwall i fleire år etter at eg flytta frå Spania. Eg var der frå eg var åtte til 15 år.

Deretter gjekk turen til Huddersfield, der han fekk stipend og seinare proffkontrakt.

– Eg vil seie at det var der eg lærte å bli den spelaren eg er no. Dei siste to–tre åra har handla om å utvikle meg og tilpasse meg rundt meir erfarne spelarar medan eg blir eldre og forbetrar spelet mitt.

Fotballen har vore ein naturleg del av livet hans så lenge han kan hugse.

– Eg har alltid ønskja å bli profesjonell fotballspelar. No når eg tenkjer meir over det, kjennest det som det er alt eg kjenner.

– Eg veit kvifor eg er her Flyttinga til Noreg er langt frå første gong Ondo har starta på nytt ein annan stad.

Spania, London, USA og no Noreg er berre nokre av stoppestadene i ein ung karriere.

– Eg trur eg er ganske vand med det. Eg vart fødd i Spania, så flytta eg til London. Frå London dro eg til Amerika, og no er eg her. Familien og måla han har sett seg, er det som held han gåande.

– Eg trur det som held meg gåande, er familien min og måla eg har sett meg. Eg brukar ikkje så mykje tid på å tenkje på endringane. Nokre kan bruke det som ei unnskyldning når dei skal etablere seg ein ny stad, men for meg veit eg kvifor eg er her. Eg veit kva eg må gjere. Så eg legg hovudet ned og gjer meg klar for det som kjem.

Fekk sin første AFCON-kamp

Ondo har og rukke å etablere seg på landslagsnivå for Ekvatorial-Guniea. Han var med i troppen til Afrikameisterskapen i Elfenbeinskysten, men fekk ikkje spele.

– Det var mitt første AFCON. Eg fekk ikkje debuten, men det å vere ein av dei yngre spelarane i troppen var ei erfaring eg skulle ønskje alle fotballspelarar kunne få.

Seinare kom debuten for Ekvatorial-Guinea.

– Det var fantastisk å få debuten. Du spelar mot nokre veldig store namn, og det er berre ein del av reisa. Møta med etablerte toppspelarar har gitt han ei tydelegare forståing av nivået han sjølv ønskjer å nå.

– Du ser kva standarden er. Dette er spelarar du ser på TV, og du veit eigentleg ikkje når du nokon gong skal møte dei. Når du først gjer det, ser du korleis dei er og korleis dei spelar. Det får deg til å føle at du er mykje nærare måla dine enn du kanskje trur.

Det er også denne erfaringa A-lagstrening Ivan Poulsen trekker fram når han skal forklare kva Ondo kan tilføre laget.

– Han har spelt på A-landslag der han har spelt viktige kampar der mykje har vore på spel.

For trenaren handlar det ikkje berre om sjølve kampane, men også om kva ein spelar lærer av å stå i slike situasjonar.

– Det er ei stoltheit med å representere sitt eige land, men samtidig eit press for å prestere. Erfaringa han har tatt med seg frå slike kampar kan nok hjelpe oss.

VIKTIG ERFARING: Ivan Poulsen trur Ondo si landslagserfaring vil vere viktig for laget

Fredag vart han teken ut i landslagstroppen som skal spele to kvalifiseringskampar til AFCON i september.

Drøymer om VM 

Ondo har store ambisjonar for karrieren.

– Drøymen min er å spele på det høgaste nivået. Eit av måla mine er å spele i eit VM

Ekvatorial-Guinea har ikkje klart å kvalifisere seg til det komande meisterskapen, men Ondo håpar på ein ny sjanse.

– Vi var veldig spente på det, men denne gongen gjekk det ikkje. Forhåpentlegvis, om Gud vil, kvalifiserer vi oss til neste VM.

STORE AMBISJONAR: Ondo drøymer om VM med Ekvatorial-Guinea

Ber Hødd-fansen om støtte

No handlar det meste om Hødd og dei ti kampane som står att. Ondo har ein klar beskjed til supportarane.

– Dei siste ti kampane blir veldig viktige for oss. Eg ønskjer at alle skal støtte oss, slik at vi forhåpentlegvis kan rykke opp.

Han håpar samstundes at fotballen kan vere eit samlingspunkt også utanfor bana.

– Det er fotball, og for folk som kanskje går gjennom vanskelege tider, er dette ei anledning til å sjå 90 minutt med fotball og berre nyte det saman som ei gruppe.

Og til slutt er beskjeden enkel

 – Vi kjem alltid til å vere saman med fansen. Så eg vil seie: Kom ned og støtt oss så mykje de kan.

Ondo får trolig sin debut hjemme mot Lyn på søndag.

SUNNMØRSALPANE: Ondo blir nødt til å vende seg til kystklimaet i UlsteinviIk
Powered by Labrador CMS