Anders Hustadnes overtok eigedommen etter far sin. No har han drevet Hustadnes Fjordhytter sidan 2019 og har fleire prosjekt på gang.

Rekordsommar for Hustadnes Fjordhytter

Med fulle hytter, utanlandske turistar og 1,5 millionar kroner i omsetning så langt i år, ligg Hustadnes Fjordhytter an til å slå fjorårets rekord. No ser Anders Hustadnes for seg at hyttene kan bli levebrødet hans.

Publisert

SÆBØ: Det har vore ein svært god sommarsesong for Hustadnes Fjordhytter. Anders Hustadnes, som driv turistverksemda på Sæbø, trur han vil slå fjorårets omsetning på 1,7 millionar kroner.

TYSKE TURISTAR: Anders Hustadnes snakkar godt tysk når dei tyske turistane kjem og takkar for opphaldet.

– Eg har allereie omsett for 1,5 millionar kroner hittil i år, seier Hustadnes.

Gjennom sommaren har han omsett for om lag 160,000 kroner berre på utleige gjennom Airbnb. Til saman har han hatt rundt 500 gjestedøgn.

– Det kjem turistar frå både Tyskland, Tsjekkia og Slovakia. Nokon bookar hyttene tre år fram i tid, seier han med eit smil.

På veg mot eit nytt levebrød

Med fulle hytter og turistar frå fleire europeiske land ser han no moglegheita for å kunne drive med utleige av hytter, badstue og badestamp på heiltid.

NY HYTTE: Hustadnes planlegger også nye vegar til hyttene slik at det blir enklare for besøkande å kome seg fram.

– På sikt blir dette levebrødet mitt, seier han.

Han fortel vidare at dei to siste vekene har vore dei beste, og at han sidan slutten av august har hatt ei gjennomsnittleg omsetning på rundt 4,800 kroner dagen.

– Det har vore nokre bra veker og svært fornøgde kundar!

No er han i gang med å byggje ei ny hytte, som han reknar med står ferdig i mars 2027. Dessutan er han allereie i gang med å planleggje bygginga av endå ei hytte. Då vil han ha ni hytter til saman.

Turistar på jakt etter ro

Blant gjestene er Grete Amundsen frå Hakkadal, som har vore på Sæbø fleire gongar. Hit reiser ho med venninna si både for den flotte naturen og for fiskemoglegheitene.

– I dag har eg fått ein flott lyr! seier Amundsen entusiastisk.

Dei skal vere på Sæbø i éi veke og reiser tilbake til Hakkadal på søndag. Dei kan likevel ikkje seie at dei har prøvd badestampen eller badstua på Sæbø enno.

TRADISJON TRU: Grete Amundsen frå Hakkadal og vennane bur alltid på den same hytta når dei er på ferie på Sæbø.

Flukta frå cruiseskip

Norman og Juliane frå Tyskland hadde planlagt ein fire vekers tur i Noreg. Etter ein regnfull morgon har dei likevel køyrt seg litt fast i gjørma.

MASKOT: Norman og Juliane har sjølvsagt med seg hunden Fryzl på tur, hunden likar seg best i bilen når det regnar ute.

– Vi hadde planlagt ein fire vekers tur i Noreg, men eg trur vi blir her litt kortare grunna vêret, seier Norman.

Dei køyrde frå Geiranger og Hellesylt, men då dei oppdaga dei store cruiseskipa, flykta dei til Sæbø for fred og ro.

Onsdag formiddag var dei klare til å forlate Sæbø til fordel for betre vêr.

– No tenkjer vi kanskje å dra til Måløy. Kanskje det er håp for litt betre vêr der? spør Norman.

 

Powered by Labrador CMS