VOLDA CAMPUS SPAREBANK 1 ARENA: Eit av fleire moderne idrettsanlegg i kommuna, og illustrerar satsinga på gode fasilitetar dei siste åra

Kor mange anlegg treng eigentleg små kommunar?

I Volda vurderast behovet for nye idrettsanlegg opp mot jordvern og bruk av eksisterande fasilitetar.

Publisert Sist oppdatert

Volda: Volda kommune har dei siste åra investert tungt i idrettsanlegg, men nye planar og initiativ frå idrettslag reiser spørsmål om kor mykje meir som trengst. Samtidig set omsynet til dyrka jord klare grenser for vidare utbygging.

Kommuneplanleggar, Regine Solberg Aklestad og styreleiar i Volda Turn og Idrottslag, Anders Egil Straume peikar begge på behovet for å utnytte eksisterande anlegg betre før ein byggjer nytt.

BEHOV: Anders Egil Straume meiner det er viktig å vurdere bygging av nye anlegg ut frå behov i området.

Eksisterande anlegg dekker mykje

– Det vil alltid vere eit behov der det er fleire folk og utvikling, men ein må bruke det ein allerede har, seier Straume. Han legg til at små nærmiljøanlegg bør ligge nært, medan store anlegg må vurderast ut frå behov, økonomi og bruk.

Volda har dei siste åra satsa tungt på idrett. Campus Arena vart ferdig i 2020, symjehallen opna i 2025, og er fortsatt under nedbetaling. Kommuna har i tillegg mange mindre anlegg. Desse varrierar i  alt frå ballbinger, skiløyper og sykkelanlegg til ridebaner.

Det er også konkrete planar om å utvide volleyballanlegget ved Campus, noko som er initierte av idrettslaget sjølv, forklarar Anders Egil Straume, styreleiar i Volda Turn og Idrottslag. 

– I tillegg jobbar KFUM Volda Volleyball med planar om å rehabilitere og utvide det eksisterade anlegget på Årneset friluftsområde til totalt fire baner for å kunne arrangere større turneringar og løfte anlegget til elitenivå.

PLANAR: Skisse over planlagd utviding av volleyballanlegg på Årneset, der nye baner er foreslått etablert i området nær strandsona.

Jordvern prioriterast

Regine Solberg Aklestad, kommuneplanleggar i Volda, understrekar at kommunen er restriktiv når det gjeld utbygging på dyrka jord:

ALTERNATIVE LØYSINGAR: Regine Solberg Aklestad meiner ein bør unngå å bygge på dyrka mark dersom mogleg.

– Politikerne har vedtatt en jordvernstrategi, og målet er å omdisponere minst mulig dyrka og dyrkbar jord. Dette er i tråd med nasjonale og regionale føringer.

Ho peikar også på at tidlegare saker, som i Hustadvika utanfor Molde, har vist korleis planar for nye anlegg kan bli stoppa av statlege instansar dersom jordvern kjem i konflikt med utbygging.

– Alternative løysingar bør alltid vurderast for å unngå å byggje på dyrka mark, seier Aklestad.

Behova kjem frå idretten

Det er ofte idrettslaga som tek initiativ til nye anlegg. Straume forklarer at halvidretten – til dømes futsal, har størst press på fasilitetane, medan andre idrettar har mindre behov.

– Om det er behov og initiativ frå eit idrettslag, vil vi vere positive til å legge til rette, men økonomi og areal må vurderast, seier Straume.

Han peikar på at små nærmiljøanlegg bør vere nært der folk bur, men store anlegg kan plasserast litt lengre unna. Hustadvika-saka, der eit nytt anlegg vart planlagt berre åtte minutt frå eksisterande hall, viser at ikkje alle nye anlegg nødvendigvis treng å ligge tett på kvarandre.

Har vi blitt for godt vant?

Både Straume og Aklestad påpeiker at små kommunar må balansere mellom gode idrettstilbod og vern av jordbruksareal. Straume meiner at det er lett å venne seg til korte avstandar til idrettsanlegg, men at det ikkje alltid er nødvendig.

– Det vil alltid være politiske avveininger, og det finnes ulike synspunkt i lokalsamfunnet, seier han.

VTI Volda langrenn og skiskyting planlegg også eit nytt anlegg til rundt 4,5 millionar kroner. Prosjektet viser at utviklinga av idrettsanlegg held fram i Volda – samtidig som det reiser spørsmål om behov, prioriteringar og bruk av areal i framtida.

Aklestad legg til at sjølv om behovet kan vere stort i visse idrettar, må ein alltid vurdere alternative løysingar og bruke eksisterande anlegg før ein bygger nytt på dyrka mark.

– Små anlegg bør ligge nært, store kan ligge litt lengre unna. Det viktigaste er at vi tar vare på jordvernet, som er kritisk for matsikkerheit og beredskap, spesielt i små bygdesamfunn.

Langsiktig perspektiv

Saka reiser spørsmål om små kommunar eigentleg treng fleire store idrettsanlegg tett på kvarandre, og om det er rett å ofre verdifull dyrka jord for slike prosjekt, særleg når gevinstane kan vere usikre.

– Det handlar om å balansere folkehelse, aktivitet og jordvern. Vi må ikkje ta for gitt at alt skal vere rett i nærleiken, seier Straume.

Powered by Labrador CMS