Arve Kalvø besøkjer Søre Sunnmøre med si nye framsyning «Are Kalvø toppar VG-lista».

ENDELEG TILBAKE:
– Ørsta har hyggelege folk og kulturhus. What’s not to like?

Are Kalvø er definitivt profet i “eige land”. På Søre Sunnmøre har han framleis eit stor publikum, og alle billettane vert rivne vekk.

Publisert

– Eg trur poenget er at popmusikk er, som det ligg i ordet, populær. Popmusikken er vanskeleg å unngå, popmusikken er der gjennom livet ditt, og er med på mange av det store anledningane i livet, seier komikaren Are Kalvø.

12. oktober «toppar han VG-lista» på Ørsta kulturhus. Framsyninga skal i løpet av halvannan time forklare korleis popmusikk kan svare på livet sine store spørsmål. Kritikarane har trilla ulike terningar, men det stoppa ikkje sunnmøringane. Alle billettane er rivne vekk.

– Ein song som klarer å bli skikkeleg populær i tre verdsdelar samstundes, må seie noko om oss, og truleg òg om den tida då songen var populær, seier Kalvø.

Hva og hvem?

FRAMSYNING/STAND-UP

Are Kalvø «Toppar VG-lista»

Det norske teatret

Manus: Are Kalvø

Regi: Erik Ulfsby

Med: Are Kalvø, Julie Støp Husby og Ståle Sletner

Kan bli fleire billettar

Janne Skarstein, kulturhus- og kinosjef i Ørsta, merkar at folk lengtar etter opplevingar.

– Det vert selt godt med billettar til fleire framsyningar, og særleg innan humor. Det er alltid kjekt når Are Kalvø kjem. Då vert stemninga tipp topp, seier ho.

Fredag denne veka held regjeringa pressekonferanse om opning av Norge etter pandemien. Dersom krava om avstand vert oppheva før framsyninga, varslar kulturhussjefen slepp av fleire billettar.

– Det vert omrokering for dei som allereie har kjøpt billettar, men vi skal få det til. Det blir alltid fullt hus når Kalvø kjem, seier Skarstein.

Ikkje lengre kinaresturantekspert

Kalvø fortel om eit sterkt forhold til popmusikk, sjølv om oppveksten skjedde på vesle Stranda.

– Eg vaks opp i ein heim med radio i alle rom. Slik fekk eg truleg eit livslangt forhold til popmusikk som eigentleg er frå før mi tid. Seinare representerte popmusikken den store verda utanfor Stranda, som til tider kunne verke uendeleg langt vekke.

Saman med Are Kalvø er Julie Støp Husby å sjå på scena.

– Kvifor valde du å halde framsyninga i Ørsta?

– Ørsta har hyggelege folk og kulturhus. What’s not to like?

– Til slutt, kor er den beste kinamaten på Søre Sunnmøre?

– Her må eg abdisere som ekspert. Eg skreiv bok om kinarestaurantar for femten år sidan, så eg mistenker at kunnskapen min på området er utdatert. Men eg skal bruke denne turneen til å oppdatere meg på dette området, det lovar eg, seier Kalvø.

Powered by Labrador CMS