Billett-svindlarar florerar på sosiale medium

Slik ser ein ekte Astrid S-billett ut.

Kvar dag tikkar det inn hundrevis av kommentarar frå folk som vil selje billettar til store arrangement på sosiale medier. Kan vi stole på dei?

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: «– Hei folkens... noen her som leter etter billetter?» skriv Facebook-brukaren Gisela Oliva i kommentarfeltet til Rokken. Det gjeld Astrid S-konserten som skal arrangerast på studenthuset Rokken på torsdag.

Ho skal visstnok selje billettane til ein billegare pris enn den offisielle arrangøren. Noko skurrar likavel. Difor tok Nærnett kontakt med Gisela.

Spør om pengar

– Hi how much for Astrid S tickets at Rokken? I'm desperate.

Gisela svarar raskt. Ho lurer på kor mange billettar vi treng. Tre, svarar vi. På spørsmål om kor mange kroner vi har til rådigheit, svarar vi 1500 kroner.

Ho vil at vi skal bruke PayPal. Ei sikker teneste for betaling. Men korleis kan ein vite at ein får ekte billettar i retur?

Vi brukte ei falsk e-postadresse for å unngå identifisering.

Vi stansar samtalen der. Nokre minutt etterpå hadde Gisela blitt utålmodig.

– Are you done with the payment yet?

Ingen har blitt lurt enda

Åge Staurset er dagleg leiar på studenthuset Rokken. Han er klar over at det svermar over med falske profilar som prøver å lure folk i deira kommentarfelt.

– Dessverre er det ikkje mykje vi får gjort med det. Vi rapporterar det etterkvart som det dukkar opp, og prøvar å slette unna useriøse kommentarar, seier Staurset.

Han har vore i kontakt med fleire arrangørar i landet som opplev det samme. Det er først og fremst store arrangement som tiltrekker seg folk som vil lure personar.

Sjølv har dei ikkje opplevd at nokon har blitt lurt av slike profilar på Rokken sine sider.

Åge Staurset, dagleg leiar ved studenthuset Rokken.

Korleis spotte ein svindlar

Facebook, eller Meta som selskapet no heiter, har laga ei liste som skal hjelpe folk å unngå å bli svindla på sosiale medium.

Det aller første tipset er å ikkje stole på folk du ikkje kjenner som spør etter pengar.

Lurt er det også å finne ut om personen er frå staden den utgir seg for å være. Gisela er busett i USA, ifølgje Facebook-profilen hennar.

Om dei har dårlege språkkunnskapar kan det også vere eit teikn på eit svindelforsøk.

– Viss du ikkje kjøper billettar direkte frå oss, bør du kjøpe frå folk du kjenner godt, seier Åge Staurset.

Powered by Labrador CMS