KAN BLI HISTORISK: Bergsøy trenar John Lindholdt Larsen er ein kamp unna eit historisk opprykk,her visar trenar Larsen taktikkar til Victor Grimstad

Bergsøy med opprykk i eigne hender: – Det er utruleg stort

Aldri i klubbens nesten 80 år lange historie har Bergsøy spelt på nest høgste nivå i Noreg. No har dei ein gyllen sjanse.

Publisert Sist oppdatert

Denne sesongen har det vore to lag som har prega den fjerde 2.divisjonsavdelinga i norsk handball. Bergsøy frå Fosnavåg og Tiller frå Trondheim. No har Bergsøy alt i sine eigne hender etter 40-33-siger mot Charlottenlund 2 på laurdag. Tabelltoar Tiller tapte sin kamp mot Lillehammer Faaberg.

FØLGJER MED: Trenar, Larsen observerar treninga

Trenar, John Lindholdt Larsen, synest det er kult at han og laget kan bli historiske.

– Wow, det var eg ikkje klar over. Det er utruleg stort å kunne gjere slikt med laget, seier Larsen.

Dette er den første sesongen til dansken på trenarbenken til Bergsøy. Larsen hadde store forventningar til sesongen på førehand, og resultata fortel ei historie om eit lag som har innkassert siger etter siger i 2. divisjon. Det var etter bortesigeren mot Lillehammer Faaberg, at den engasjerte dansken verkeleg såg mogelegheita.

– Eg tenkte, no har me verkeleg sjansen til å rykke opp, seier trenaren.

Ønskjer å satse lokalt

Toppscorar i andredivisjon er Bergsøys høgrekant, Emil Andreas Raknes. Den tidlegare Kolstad-spelaren er fornøgd med sesongen så langt. Han håper at eit eventuelt opprykk kan gjere det enklare å rekruttere lokale spelarar til klubben.

– Me har slite litt med utskiftingar og me treng meir kontinuitet. Med eit eventuelt opprykk har me større sjanse for å tiltrekkja oss spelarar frå områda rundt, forklarar Raknes.

Trenar Larsen fortel at dei har ein tropp med spelarar frå Noreg, Danmark, Litauen, Kroatia og Ungarn.

– Det er spelarar med ulik handball og treningsfilosofi, så det kan bli eit kultursamanstøyt, uttalar Larsen.

MÅLKONGE: Emil Andreas Raknes har notert seg for 173 mål denne sesongen, mange av dei frå høgrevingen.

Skapt ein vinnarkultur

Raknes fortel audmjukt at laget rundt han har spelt ei stor rolle når det kjem til hans eigen toppscorarstatus. Den beinrappe høgrevingen fortel at han har vore med på å setje ein viss standard etter han kom til klubben.

– Når me tapte tidlegare i sesongen mot eit lag som vanlegvis brukte å ha overtaket på oss, var eg den som hang mest med hovudet. Eg veit kva som bur i dette laget, og no går me inn i kvar kamp og ser på oss sjølve som favorittar.

Denne mentaliteten ser ut til å lønt seg. Bergsøy står no med ni strake sigarar i sine siste kampar.

Håpar på publikumsfest

Bergsøy spelar sin siste seriekamp heime i Herøyhallen. Dette er trenar John Lindholdt Larsen svært nøgd med. Bergsøy har ikkje tapt eit einaste poeng på heimebane denne sesongen.

– Eg er veldig tilfreds med at me får avslutta på heimebane, med den «åttande» mann på tribuna. Det er heilt fantastisk å kunne spela for ein tettpakka Herøyhall, fortel Larsen.

BERGSØY: Klubben som er ein siger unna Opprykk.

Også Raknes drøymer om ei god ramme rundt kampen.

– Først og fremst håpar me på eit godt oppmøte, det var litt stillheit rundt førre kamp. No som det er ein opprykkskamp som står i vente, håper me på fulle tribuner, men då må me ta litt ansvar sjølve for å skapa blest rundt det, og informere lokalbefolkninga, seier Raknes.

Den siste seriekampen spelast 15. april kl. 15.00 mot Kolstad 2, i Herøyhallen.

Powered by Labrador CMS