Anne Bråten Seljeset frå Skedsmokorset har funne seg til rette på garden i Hornindal.

Bilturen som enda i bonderomanse

Ferieturen til Vestlandet skulle vise seg å bli noko langt større for Anne Bråten Seljeset (55). I 1989 flytta byjenta til bygda, og der vart ho verande. På garden Seljeset i Hornindal fann ho både roa og kjærleiken.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA/HORNINDAL: – Du kan vere so sur som du berre vil, men når du kjem inn i fjøsen so er det gløymt.

SPENTE: Kyrne fylgjer nøye med når matmor kjem med fór.

Det seier Anne Bråten Seljeset, og smiler til dotter Mona Seljeseth (29). Sjølv kjem Anne frå Skedsmokorset, ein dryg halvtime utanfor Oslo. Trass i at Anne har ein lidenskap for fjøsen og dyra, var det inga sjølvfølgje at austlandsjenta skulle ende opp på ein gard på andre sida av landet.

Fall for naturen og Per

Etter ein sommarferietur på Vestlandet som 17-åring, vart Anne begeistra for naturen, og også ein mann med namnet Per. Det gjekk ikkje lang tid før byjenta pakka kofferten og flytta inn på garden ved Seljeset i Hornindal.

No er mor og dotter er i full gang med dagens fyrste økt, morgonstellet. Mona fylgjer nøye med i det mora gjev fór til dei rundt 30 kyrne som står på rekke i fjøsen. Om kort tid er det nemleg Mona som skal ta over drifta på familiegarden i Hornindal.

Dottera tek over

FAMILIEFRUKOST:

Etter eit møte med familien i 2018, sa Anne tydeleg ifrå om at helsa ikkje lenger strekte til. Tida var inne for å gje garden vidare til den komande generasjonen. Ingen av søskena til Mona hadde moglegheit til å ta stafettpinnen vidare. Då kom det store spørsmålet: Kven skulle halde fram med drifta av garden og tradisjonane?

– Eg trur det vert veldig kjekt, og eg har jo på en måte vakse opp inne i fjøsen, smiler Mona som no skal føre drifta av familiegarden vidare.

Høyr meir om Mona og byjenta Anne som enda opp som bonde i Hornindal, i fjerde episode av radioprogrammet Bygda Mi her:

Powered by Labrador CMS