HYROX: Sigbjørn Sæterås og Per Magnus Finnanger Sandsmark går i mål under HYROX Oslo 2025

Bitne av HYROX-basillen           

Sigbjørn Sæterås (62) og Per Magnus Finnanger Sandsmark (36) har lete seg begeistre av det relativt nye trenings- og konkurransekonseptet HYROX. No siktar dei seg inn mot konkurranse i København, kor dei skal konkurrera saman som eit lag. 

Publisert
VOLDAHALLEN: Dagens HYROX-inspirerte økt

VOLDA: Den dundrane musikken frå høgtalaren vert dempa. Slitne deltakarar kastar seg på golvet. Det luktar stramt av sveitte, djupe andedrag overdøyver trenaren som kjem med motiverande ord før siste runde. På tavla står ulike kondisjons- og styrkeøvingar skrivne med tusj. Sigbjørn Sæterås og Per Magnus Finnanger Sandsmark tar ikkje lett på treninga; for dei er dagens økt ein del av eit mykje større bilete. Dei skal nemleg konkurrera i HYROX i Danmark den 13. mars.      

HARDROX: Emma Dahl er hovedtrenar
SLITEN: Sigbjørn Sæterås yter maksimalt

HYROX

HYROX er eit internasjonalt trenings- og konkurransekonsept der uthald og funksjonell styrke blir kombinert gjennom raske stasjonar med løping og styrkeøvingar. Konseptet oppstod i Tyskland i 2017, og har sidan tatt verda med storm.

I ein HYROX-konkurranse skal ein løpe totalt 8 km, fordelt på 1 km etappar, og mellom kvar løpe-etappe må ein utføra ei fast bestemt funksjonell øving. Alle deltakarar gjer dei same øvingane og distansane. På den måten er ein HYROX-konkurranse lik uansett om ein deltar i København, New York eller ein annan stad i verda.

– Sjokkarta oppleving

På leiting etter nye utfordringar, kom Sigbjørn og Per Magnus over HYROX, ein hybridkonkurranse kombinert med løping og faste funksjonelle styrkeøvingar. 

Dei meldte seg på ein konkurranse for fyrste gong i fjor. Der deltok dei som eit lag.

– Det var utruleg gøy. Da vi var med, var det ti tusen deltakarar. Det var ei sjokkarta oppleving, seier Sigbjørn og ler. 

– Vi opplevde at heilt framande folk begynte å heie på oss. Det var eit kjekt miljø, og gav utruleg bra meistringskjensle, legg Per Magnus til. 

No skal dei gjere det igjen.

Fredag 13. mars skal dei delta i HYROX doubles i København.  

– Vi har sprunge masse og øvd på dei spesefikke styrkeøvingane gjerne fire til fem gonger i veka, seier Sigbjørn.

Det er ikkje utan grunn at dei har førebudd seg sidan november og fram til no.

– Vi har lyst til å slå tida vår frå i fjor. Eit mål i seg sjølv er å ha det kjekt mens ein gjer det, seier Per Magnus. Dei to karane vekslar eit stadfestande blikk med kvarandre. 

Ei konkurranseform for alle

Søre Sunnmøre har nyleg fått eit HYROX-inspirert tilbod. På starten av nyåret lanserte Sporty Voldahallen HARDROX, med Emma Dahl (22) i spissen. 

Ho opplever at HYROX har vorte svært populært dei siste åra.

Emma Dahl

– Vi valde å starte opp HYROX-inspirerte økter fordi det var etterspurnad etter det. Vi ser at heile Noreg har eksplodert på HYROX-fronten. Mange har fått med seg kva det er og synast det verkar interessant, seier Dahl.

Ho trur årsaka til den aukande populariteten er at det er ei konkurranseform som alle kan få til. 

– Uansett kva nivå ein er på, kor fort ein spring, så kan ein delta. Det er ikkje noko tidskrav eller liknande. Det er sopass greie vekter at alle får det til, uansett alder. Alle kan meistre det.

Dahl har tidlegare erfaring frå HYROX-konkurransar, og deltok i same konkurranse som Sigbjørn og Per Magnus gjorde i fjor.

VOLDAHALLEN: Siste førebuingar før HARDROX-timen

– Da var eg der og heia på dei. Eg vert rørt av kor godt dei jobba saman, og kor mykje dei utfordra kvarandre. Det var stas å sjå at det vi på ein måte har skapt her i Volda, har dei teke med vidare for å konkurrera sjølv. 

I tillegg til å ha delteke i Dahl sine HARDROX-timar, har Sigbjørn og Per Magnus gjennomført mykje egentrening. Det imponerer Dahl.  

– Dei er så engasjerte. Dei trenar sjølv på søndagar, tar HYROX-simuleringar, melder seg på konkurranse etter konkurranse. Det er skikkeleg inspirerande. Eg ser verkeleg opp til dei og det dei held på med. 

Med dette som bakgrunn, har Dahl stor tru på at Sigbjørn og Per Magnus når målet sitt.

– Eg veit at dei kjem til å meistre det. Dette er noko dei har jobba lenge for. Dei skal berre gjere det dei har øvd på og yte maksimalt. Dei skal vite at heile Voldahallen heiar på dei. 

Frå draum til draumeduo

Sigbjørn og Per Magnus har trena saman før dei vart ein duo. Dei deltok på CrossFit-økter i Voldahallen. Der kom dei i samtale om HYROX, og fann ut at det var noko dei begge kunne tenkje seg å gjere. 

Sidan har dei ikkje sett seg tilbake.

Sigbjørn Sæterås og Per Magnus Finnanger Sandsmark

– Vi vil anbefale HYROX. Det er ein veldig bra idrett, både hvis ein har trena mykje før eller er heilt ny. Ein får eit heilt konkret mål å gjennomføra, og folk heier på deg uansett korleis du gjer det, seier Per Magnus. 

Sigbjørn og Per Magnus kan avsløre at det ikkje alltid var planen å bli ein duo. 

– Det var litt tilfeldig. Eigentleg prøvde vi å samla ein større gjeng, men dei fall ifrå, skada seg og fekk ungar også vidare. Da vart det berre vi to som reiste, seier Per Magnus.

– Det var kjekt, og derfor skal vi gjer det igjen, legg Sigbjørn til. 

Powered by Labrador CMS