Nærsynet med ekstraordinær sending frå Geiranger
Bli med Nærsynet til Geiranger
Geiranger er eit av dei få områda i landet som står på den prestisjetunge verdsarvlista til UNESCO. Nærsynet har teke turen aust på Sunnmøre for å undersøke dei store naturverdiane. På torsdag vil ei ekstraordinær sending ta for seg funna.
GEIRANGER: Dei sju systrer brusar kvite som mjølk ned i den dramatiske Geirangerfjorden. Ei lita glipe med ljos i skydekket dannar ein regnboge i den tunge vasståka. Dei mektige fjella rammar inn den vesle bygda. Brek og travle bjøller lyder i det fjerne. Midt i dette majestetiske landskapet, har Nærsynet arbeidt i nær ei veke for å avdekke kva for slags dyrebare skattar som skjuler seg i Geiranger. Her er nokon av sakene som vil bli vist under den ekstraordinære sendinga.
Den eineståande Geirangerfjorden
Nærsynet sine reporterar Lars-Erik Hansen og Vilde Braae har teke for seg verdsarvlista til UNESCO, som beskriv dei fremste kulturminna og naturområda i verda. Der står nemleg, i side om side med den kinesiske mur og Taj Mahal, Geirangerfjorden oppført.
Alle naturområde og kulturhistoriske stader på verdsarvlista må representere eit unikt natur- eller kulturhistorisk miljø som kan fortelje noko om historia til menneska, eineståande biologiske verdiar eller viktige utviklingssteg på kloden. Det blir også kravd at områda som står på lista, blir verna og tekne vare på for framtida.
I Noreg har vi åtte verdsarvstader. Berre Vestnorsk fjordlandskap, som består av Nærøyfjorden og Geirangerfjorden, har fått verdsarvstatus på grunn av naturverdiane.
Å putre inn verdsarvfjorden
Fjord Ranger er eit nyutvikla formidlingsprogram under Norsk Fjordsenter som arrangerer turar frå Ålesund til heilt inst i Geirangerfjorden. Reporter Hanna Huse og Håvard Thorsrud fekk vere med på den litt over tre timar lange reisa frå kyst til fjord.
Medan noregsflagget blafra i vinden og sjøen spytta klyser heilt opp til ripa på båten, fortalde omvisaren korleis dei frodige fjella som omkransar fjorden vart forma av isbrear og elvar. Løfta ein blikket, kunne ein kome til å sjå fjellgardar og grindløer som klamra seg til klippene.
Målet med turen var å lære om lokalhistoria og naturen, og på den måten kome nærare vår felles verdsarv.
Byggemåten til våre forfedrar
Ei grindløe er eit tradisjonelt bygg frå Vestlandet som krev urgammal kunnskap og handverk. Reporter Erle Aaknes og Ailin Vik følgde ein vidaregåande klasse på eit kurs kor dei skulle få lære den historiske byggteknikken.
Ettersom elevane skulle gjere det på gamlemåten, vart alt maskineri sat til sides. Dei fekk bruke hendene, og hogg stokkar, fjerna borken og kløyvde dei i to. I staden for spikrar, brukar dei naglar, og til slutt vart taket dekt med mose.
Kurset var eit samarbeid med Fortidsminneforeningen, og har som mål å ivareta tradisjon.
Å gå i fotspora til tidlegare generasjonar
Geiranger har litt over 200 innbyggjarar. Mellom dei er slektningane til vår reporter Kaja Brusdal. Ho tok turen til Knivsflå fjellgard for å lære meir om sine forfedrar og -mødrer.
Reporter Magnus Numme sytte for å dokumentere kollegaen si reise gjennom hundreår tilbake i tid. Ein slektning av Brusdal, 82 år gamle Lars Petter Knivsflå, møtte dei med opne armar, og fylgde dei opp til fjellhylla som ligg om lag 250 meter over Geirangerfjorden. For Numme og Brusdal var det berre å prøve å henge med opp den bratte og krevjande stien.
På toppen openberra den gamle garden seg, fint plassert i solhellinga, og med svimlande utsikt. Melodiane frå nabofossane, dei sju systrer, ein gong kalla Knivsfossane, fylte staden med liv. Faren for ras og steinsprang dreiv familien vekk derifrå på slutten av 1800-talet, men etterkommarane har sytt for å halde plassen i god stand.
Gjennom historiene til Knivsflå, fekk Brusdal sjå livet og livsverket til sine tidlegare generasjonar utspela seg rett framfor augo hennar.
Alt i alt er Geiranger ei perle av ei bygd. Den flotte naturen og hendingsrike lokalhistoria er sopass viktig at den har skrive seg inn på verdsarvlista.
Dette var berre ein smakbit på kva ein kan forvente i den ekstraordinære sendinga frå Geiranger.
Dersom ein vil høyre meir om Geirangerperla, er det berre å fylgje med på sendinga til Nærsynet, torsdag 1. oktober klokka 12:30.