BRUKTBUTIKK FOR MISJON: Ingrid Ese Folkestad (t.v.) og Anne Sofie Viken ved Sarepta legg vekt på misjonsarbeid i butikkdrifta.

Bruktbutikk med inntekt til Ukraina

Etter brannen i 2019, er no bruktbutikken Sarepta i Ulsteinvik sentrum attende i drift. Og overskotet, det går til Ukraina.

Publisert

ULSTEINVIK: Brukthandel er i vinden som aldri før, og i 2017 starta pinsemeinigheita i Ulsteinvik opp bruktbutikken Sarepta. I 2019 oppstod det ein stor brann i lokalet, men etter ein renoveringsprosess, er no butikken oppe og går igjen.

– Det var nokre eldsjeler som byrja å renovere i 2020, og så opna me opp igjen i juni i fjor. Sidan da har det vore mykje folk innom, fortel friviljug ved butikken, Ingrid Ese Folkestad.

Hjelpearbeid i Ukraina

Det er Filadelfiakyrkja som driv butikken. Dei har eit samarbeid med Open Heart-stiftinga, som driv hjelpearbeid i Aust-Europa - og da hovudsakleg i Ukraina.

– Vi sender pengar til Ukraina. Dei ved Open Heart jobbar med ukrainske barneheimar. No trengde dei mykje - det var heilt stopp i alt der nede, så dei fekk ein god sum frå oss. Da fekk me ein stor takk. No hadde dei mat ei god stund. Dette er i Kyiv-området, fortel Folkestad.

Folkestad og kollegaen hennar, Anne Sofie Eiken, fortel at dei sender både pengar og klede til Ukraina.

– Det er store trailerlass som har gått her frå bygda i alle år, ned til Ukraina. Så det er ikkje berre no under krigen. Me har masse sekkar ståande her. Me pakkar det me tenkjer at me ikkje får seld her, puttar det i sekkar, og så sender me det når traileren kjem, fortel Eiken.

GODE SAMARBEID: Sarepta samarbeider med fleire hjelpeorganisjonar.

Misjon gjennom handel

Butikken blir godt brukt av lokalbefolkninga - særleg av småbarnsmødre.

– Me har så mykje av desse barnekleda, og dei er omtrent ikkje brukt. Dei ligg og ventar på å bli brukt, og så har ungane plutseleg vakse og vorte for store. Det er jo heilt like fint som det skulle vore i butikken. Her kan du få heilt nye ting for 40 - 50 kroner, fortel Eiken, som legg til at dette er ein måte å drive misjon på.

I tillegg til å gje til Open Heart, gjev Sarepta til Mercy Ships, som jobbar på sjukehusskip, hovudsakleg på Afrika sin vestkyst.

GODT SOM NYTT: Sarepta får inn meir enn nok av barneklede.

– Me har òg gjeve til lokalmiljøet. Me vil hjelpe der me kan, men samstundes så skal me ha så mykje igjen at me kan betale husleige og straum og slike ting - men det er stort sett det einaste av inntektene som ikkje går til misjon, fortel Eiken.

HØG TRIVSEL: Dei friviljuge ved Sarepta trivast svært godt på jobb.

God stemning på jobb

Butikken blir drifta på friviljug basis, ved friviljuge frå Filadelfiakyrkja. Og det er inga tvil om at dei friviljuge kosar seg med å vere på jobb.

– Me er om lag 15 personar som deler på å jobbe her på friviljug basis. Me får ikkje løn for dette, men det er jo berre kjekt. Me gler oss til å gå på jobb - det er nesten så me sloss om vaktene, ler Folkestad.

Dei friviljuge fortel om at dei får høyre mange gode historiar gjennom arbeidet dei gjer. Det opplevast som givande.

Butikken består av fleire avdelingar. Mellom anna har dei ei retroavdeling med 60- og 70-talsklede, ei avdeling med uteklede og ei avdeling med barneklede. I tillegg har dei ein sofakrok, der dei serverer kaffi og kjeks.

– Me får ofte gode pratar med folk. Her drikk me kaffi, set oss ned og tek oss ein god prat og kosar oss.

Mange av dei som brukar butikken, kjem frå låginntektsfamiliar.

Har de tenkt på kva dette kan bety for dei?

– Ja, det er heilt fantastisk. Det ser me veldig godt. Det kjem inn folk som ikkje har så veldig mykje. Det er mykje dei som handlar her, og dei handlar ofte masse. Og det er veldig kjekt, avsluttar Folkestad.

Ei god handleoppleving

Snart er våren her, og dei friviljuge ved Sarepta er i god gang med å planlegge korleis dei kan utvikle seg.

– Kanskje litt blomar og slike ting. Me vonar det kan bli ei lita oase, der folk både kan slappe av når dei handlar, men òg gjere eit skup som ikkje kostar for mykje. Ei god handleoppleving - gjere det til noko positivt, avsluttar Folkestad.

GODT UTVAL: På Sarepta har dei nok av klede, til ein god pris. Foto: Julie Garmo
GODT UTVAL: På Sarepta har dei nok av klede, til ein god pris. Foto: Julie Garmo
GODT UTVAL: På Sarepta har dei nok av klede, til ein god pris. Foto: Julie Garmo
GODT UTVAL: På Sarepta har dei nok av klede, til ein god pris. Foto: Julie Garmo
GODT UTVAL: På Sarepta har dei nok av klede, til ein god pris. Foto: Julie Garmo
GODT UTVAL: På Sarepta har dei nok av klede, til ein god pris. Foto: Julie Garmo
ENGASJERT: Ingrid Ese Folkestad er ein engasjert friviljug ved Sarepta. Foto: Borghild Kvæven
Powered by Labrador CMS