PÅ RETT SIDE AV ELVA: Endene er tryggare på den andre sida av Coop Mega, der det ikkje er bilar.

Oppfordrar andematarane til å gå til moloen 

– Eg har sjølv mata endene i lang tid før eg innsåg at dette var eit stort problem. Det kan i verste fall resultere i dødsfall, seier butikksjef Frank Eikrem. 

Publisert

VOLDA: Sist veke skreiv avisa Møre om at fleire ender mistar livet sitt på parkeringsplassen utanfor Coop Mega i Volda. Lokale matar endene utanfor butikken, dette fører til at fleire ender samlar seg her. På ein mørk vinterdag, kan dei vere vanskeleg å sjå for bilistane. Fleire ender går difor sine siste steg utanfor Coop Mega i Volda. 

– Eg vil åtvare andre. Dersom ein vil mate endene bør ein heller gjere det på andre sida av elva ved moloen, seier Eikrem.

BUTIKKSJEF: Frank EIkrem er lei av å plukka vekk daude ender frå parkeringsplassen.

Grisete syn

– ­Vi har sett fem ender som har blitt køyrd på. Paddeflate. Det er ikkje eit fint syn.

Butikksjefen synest openbart det ikkje er så attraktivt å ha daude ender rett utanfor butikken. Det er han sjølv som har rydda opp. 

– ­Ein må mate dei ein annan plass der det ikkje er biltrafikk. Mat dei gjerne, men gjer det på moloen.

Voldingane treng ikkje å slutte å mata endene

Dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Norge, Åshild Roaldset, fortel at det ikkje nødvendigvis treng å vere problematisk å mata endene.

– Brødet gir endene energi. Grovt brød er betre enn kvitt brød, havregryn eller andemat er endå betre. Det som derimot ikkje er så bra, er muggent brød. Det bør ein unngå.

DYREBESKYTTELSEN: Dagleg leiar, Åshild Roaldset fortel at ein bør unngå å gi gamle brødrestar til endene.

Likevel understrekar ho at brød ikkje er noko fullverdig kost for endene.

– Det kan bli eit svært einsidig kosthald dersom endene blir fôra med mykje brød. Gamalt brød kan resultere i sjukdom for endene. 

Coop Mega som møteplass

Når endene har fått mat på parkeringsplassen ein gong, kan dei likevel berre vere der fram til det kjem nokre andre voldingar som vil bli kvitt brødet sitt. Dette har endene i Volda skjønt.

– Ein bør unngå fast møteplass, fordi det gir auka smitterisiko for endene. Om endene blir smitta med ein daudeleg sjukdom på fôringsplassen er mating til skade for endene, seier Roaldset.

Butikksjef ved Coop Mega har gjort noko på eige initiativ.

– Eg har laga ein plakat som heng på parkeringsplassen. Eg håpar at folk ser den slik at me får til ei endring, seier Eikrem.

KLAR OPPMODING: Frank Eikrem ønsker at fleire skal vera bevisste på kvar ein matar endene.

Eikrem har trua på at lokalbefolkninga kan vere med på å få endene til andre sida av moloen.

Powered by Labrador CMS